Hopp til innhold

Fagansvarlig ingeniør - immunhistokjemi

Arbeidsgiver

Patologi, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarlig ingeniør immunhistokjemi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 12. oktober

Vil du kombinere laboratoriearbeid med fagutvikling og vere med på å utvikle kreftdiagnostikken?

Hos oss får du arbeide i eit nytt laboratorium der vi bruker ny og avansert teknologi, høg grad av automasjon og digitale løysingar. Som fagansvarleg vil du ha ei sentral rolle i å sikre høg fagleg kvalitet og bidra til vidareutvikling av laboratoriet sine immunhistokjemiske analysar.

Du vil vere ein viktig samarbeidspartnar for patologar, laboratoriemedarbeidarar og andre fagmiljø. Arbeidet ditt vil bidra til påliteleg diagnostikk og leggje til rette for meir persontilpassa behandling. Stillinga er fast og i 100 prosent. Vi håpar du vil vere med på den vidare utviklinga av fagområdet hos oss.

👉 Grip moglegheita til å vere med og forme framtida si kreftdiagnostikk! Søk no.

Kva går jobben ut på?

  • Fagansvar for immunhistokjemiske analysar og metodar, og halde seg fagleg oppdatert innan fagområdet.
  • Bidra til utvikling, verifisering og implementering av nye antistoff i samarbeid med ansvarleg lege og funksjonsleiar for patologi.
  • Ha ansvar for utprøving, validering og verifisering av nye metodar og instrument i samarbeid med ansvarleg lege og funksjonsleiar for patologi.
  • Delta i avgjerdsprosessar knytta til innkjøp og implementering av metodar og medisinteknisk utstyr.
  • Ha ansvar for å utarbeide nødvendige opplæringsplanar, samt gjennomføre opplæring og undervisning innan fagområdet.
  • Delta i laboratoriet sitt kvalitetssystem, inkludert prosedyrar og dokumentasjon innan fagområdet.
  • Bidra i forbetringsarbeid, avvikshandtering og internkontroll.
  • Samarbeide med patologar og andre faggrupper for å sikre høg kvalitet i pasientdiagnostikken.
  • Delta i rullering av arbeidsprogram innan fleire fagområde.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som bioingeniør eller relevant høgare utdanning innan laboratorie- eller biovitskaplege fag på bachelor- eller masternivå
  • god forståing for digitale verktøy som blir brukte i laboratoriearbeid
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå patologi og immunhistokjemi/ automatiserte plattformer
  • erfaring med kvalitetssikring og kvalitetssystem i medisinsk laboratorium
  • erfaring med fagansvar

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som

  • arbeider nøyaktig og strukturert, og følgjer opp faglege oppgåver i en 100% stilling
  • er interessert i kvalitetsarbeid og i å utvikle metodane vi bruker i diagnostikken
  • trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og kan prioritere når det er mykje å gjere
  • likar å dele kunnskap med kollegaer og samarbeider godt med ulike faggrupper
  • arbeider sjølvstendig og tek ansvar

Vi legg vekt på personleg eignaheit.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • ei fagansvarleg rolle der du kan kombinere praktisk laboratoriearbeid med fagutvikling
  • vere med på å utvikle immunhistokjemiske analysar i eit fagfelt i endring
  • arbeide i eit nytt laboratorium med automatiserte og digitale løysingar
  • samarbeide med kollegaer frå fleire faggrupper
  • bli ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium
  • løn etter avtale og dokumenterte kvalifikasjoner og erfaring

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Håvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5185763914
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Håvard Valvatne

Funksjonsleiar

havard.valvatne@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d4411dc1-68dc-4de6-a040-9e99c7ba3c49

Sist endret

28. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5c99bb52b2e64f74b3d267a2d255c075

Lignende annonser

Laster lignende annonser