Hopp til innhold

Funksjonsleiar Medisinsk Mikrobiologi 

Arbeidsgiver

Avdeling for laboratoriemedisin, Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Vikariat - Funksjonsleiar Medisinsk Mikrobiologi , Haugesund
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

🔬 Er du ein tydeleg, handlekraftig og positiv leiar?

Vi søkjer ein engasjert og inspirerande funksjonsleiar til eit vikariat ved Laboratorium for medisinsk mikrobiologi i Haugesund - Avdeling for laboratoriemedisin. 

🌟 Vi ser etter deg som trivst med å koordinere og følgje opp prosessar, skape framdrift og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du har evne til å leie team, byggje gode relasjonar og samarbeide på tvers av einingar og yrkesgrupper. Stillinga er ei dagtidsstilling.

Medisinsk mikrobiologi er eitt av seks laboratorium i Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Vi har dei siste åra teke i bruk avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og er eit fagmiljø i kontinuerleg utvikling. I august 2021 flytta laboratoriet inn i nye og moderne lokale med oppdatert utstyr og framtidsretta teknologi.

Vil du vere med og vidareutvikle eit framtidsretta laboratorium med høg fagleg kompetanse og stort engasjement? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Kva går jobben ut på?

  • Leie og koordinere den daglege drifta
  • Ansvar for fag, kvalitet og personal
  • Budsjettansvar og økonomioppfølging
  • Ansvar for utarbeiding av arbeidsplanar
  • Ansvar for å bidra med helhetlig og strategisk tenking og vere ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å vidareutvikle avdelinga iht. vedtatte mål og strategiar
  • Samarbeide tett med avdelingsleiar, avdelingsoverlege og leiargruppa i Avdeling for laboratoriemedisin
  • Bidra til kompetanseutvikling og godt arbeidsmiljø.
  • Sikre tett samarbeid internt i føretaket samt god samhandling med kommunane.
  • Ansvar for at enheten har fungerande systemer for internkontroll og HMS

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Dokumentert leiarkompetanse og/ eller leiarerfaring er ein fordel.
    • Norsk autorisasjon som bioingeniør. Andre helsefaglege utdanningar med relevant erfaring kan også vurderast. Søker må då vere villig til å opparbeide seg kompetanse innan laboratoriedrift. 
    • Erfaring innan medisinsk mikrobiologi er ønskjeleg.
    • Erfaring med prosedyreskriving, metodevalidering, databearbeiding og innkjøpsprosessar er ein fordel.
    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. 

    Kva ser vi etter hos deg?

    • Du har gode samarbeidsevner, jobber sjølvstendig, viser handlekraft, er løysings- og endringsorientert.
    • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei.
    • Du er ein motiverande faktor og bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
    • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, nøyaktig og strukturert.
    • Interesse for utvikling og forbetringsarbeid.
    • Evne til raskt å sette seg inn i nye saksområde.
    • Du toler å stå i krevande situasjonar og har god stressmestring.
    • Vilje til å vidareutvikle deg som leiar.

    💙 Hos oss blir personlege eigenskapar tillagt stor vekt.

    Kvifor skal du velje oss?

    • Ei attraktiv dagstilling. 
    • Eit aktivt, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar. 
    • Eit sterkt fagmiljø med høgt fagleg nivå og fokus på kvalitet og utvikling. 
    • Lønn etter avtale
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
    • Som funksjonsleiar blir du ein del av eit engasjert leiarfellesskap der samarbeid, utvikling og pasientfokus står sentralt.

    Kontaktinformasjon

    Rita Danielsen Tyse, Avdelingsleiar, 48227403, rita.tyse@sklbb.no
    Tiril Knutsen, Funksjonsleiar Medisinsk mikrobiologi, +47 , tiril.knutsen@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5186991009
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 01.01.2027
    Sluttdato: 31.12.2027
    Søknadsfrist: 18.10.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Tiril Knutsen

    Funksjonsleiar Medisinsk mikrobiologi

    +47

    tiril.knutsen@helse-fonna.no

    Rita Danielsen Tyse

    Avdelingsleiar

    48227403

    rita.tyse@sklbb.no

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    02cf7bc2-f71c-4382-9d23-226c57fcdc44

    Sist endret

    5. oktober 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    96f2e82b20844e5b9fa469affbe3fad5

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser