Hopp til innhold

Bli vår nye overlege!

Arbeidsgiver

Medisinsk mikrobiologi - Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundsgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Overlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Er du vår nye overlege innan medisinsk mikrobiologi? No styrkar vi teamet vårt og auker opp til 3 overlegestillingar. Vi søkjer deg som har interesse for fagutvikling og teamarbeid. Legar under siste del av spesialisering er oppmoda til å vise interesse.

Medisinsk mikrobiologi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Medisinsk mikrobiologi flytta i 2021 inn i nye og moderne lokaler, og er ein triveleg arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø og totalt 14 tilsette i drift, samt 2 overlegar pr dags dato. Vi har tatt i bruk ny avansert teknologi med stor grad av automasjon og digitale løsninger, og er i stadig utvikling.

Haugesund er ein by du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie. Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane.


Kva går jobben ut på?

  • Utføre medisinskfaglege oppgåver innan medisinsk mikrobiologi
  • Arbeide med driftsoppgåver, hovudsakleg innan bakteriologi og molekylærbiologi
  • Delta i planlegging og gjennomføring av driftsoppgåver knytte til nye tenestetilbod, metodar og utstyr

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning i medisinsk mikrobiologi innan dato for tiltreding
  • Søkjar må ha relevant sjukehuserfaring
  • Søkjar må beherske norsk eller skandinavisk, skriftleg og munnleg, på høgt nivå

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:  

  • bidreg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
  • er trygg i faglege vurderingar og møter andre med respekt
  • samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper
  • har god arbeidskapasitet og handterer periodar med høgt arbeidspress

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit fagmiljø i utvikling og som blir satsa på i dei åra som kjem
  • Samarbeid med klinikarar og andre fagspesialistar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, +47 53491094, rita.danielsen.tyse@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5196893609
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Rita Danielsen Tyse

Funksjonsleiar

+47 53491094

rita.danielsen.tyse@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c1c4a9b6-b71b-4b10-b6e8-b87d954f61f6

Sist endret

21. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5ed63a91baa145d3b2a584042a68bdc8

Lignende annonser

Laster lignende annonser