Funksjonsleiar - intensiveininga
Intensiv sengepost, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Funksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. november
Vi søkjer ein funksjonsleiar som vil ta ansvar for både medarbeidarar, fagleg utvikling og dagleg drift ved intensiveininga vår.
Her får du ei sentral leiarrolle i ei eining som behandlar akutt kritisk sjuke pasientar og overvaker pasientar etter operasjon. Du blir ein del av leiarteamet i seksjon anestesi/intensiv, som omfattar anestesieining, intensiveining, anestesilegar og palliativt team.
Hos oss får du samarbeide med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar, samtidig som du får høve til å påverke utviklinga av både fagmiljøet og pasientbehandlinga.
Er du klar for nye utfordringar og ønskjer å vere med på å utvikle intensiveininga vår? Søk hos oss!
Kva går jobben ut på?
Som funksjonsleiar har du fag-, personal- og økonomiansvar for intensiveininga. Du rapporterer til avdelingsleiar og inngår i leiarteamet i seksjonen.
Dei viktigaste oppgåvene dine blir å:
- leie og sikre den daglege drifta av eininga
- ha ansvar for bemanning, ressursbruk og økonomi
- bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsrelasjonar
- følge opp, rekruttere og vidareutvikle medarbeidarar
- sikre sjukepleiefagleg forsvarleg pasientbehandling og bidra til kvalitetsutvikling
- legge til rette for god kommunikasjon og informasjonsflyt
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Intensivsjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for personalleiing
- Kunne nytte IT-verktøy som arbeidsredskap
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Leiarutdanning og erfaring frå personalleiing er ein fordel
- Erfaring med turnusarbeid er ein fordel
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter ein leiar som er tydeleg, samarbeider godt med andre og har evne til å skape struktur i ein travel arbeidskvardag.
Vi ønsker at du:
- arbeider målretta og strukturert
- har god oversikt og evne til å prioritere oppgåver og ressursar
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med ulike faggrupper
- har forståing for økonomi og god ressursstyring
- handterer ein travel arbeidskvardag og tek avgjerder når det trengst
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- god opplæring og høve til personleg og fagleg utvikling
- ei leiarstilling med fagleg ansvar og høve til å påverke utviklinga av intensiveininga
- stor grad av sjølvstende i arbeidet
- spennande og utfordrande leiaroppgåver
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gunnar Helge Sjøen, Leder AIO, 47709138, gunnar.helge.sjoen@helse-fonna.no>Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5195792830
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a1e85d01-0600-4307-ad68-ce6e0c50106c
- Sist endret
20. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
78abd28e4c43490496525a360f7cfaa1