Vil du vere med å vidareutvikle kvinnehelsetenestene i Helse Fonna?
Føde- og gynekologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. november
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til Føde- og gynekologisk avdeling ved Haugesund sjukehus. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som ønskjer å kombinere strategisk leiing med operativ utvikling av tenester som har stor betydning for kvinner og familiar i regionen.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av avdelinga sitt faglege tilbod, kvalitet, pasientsikkerheit, drift og medarbeidarar. Du blir ein viktig bidragsytar i klinikken sitt leiarskap og får moglegheit til å påverke utviklinga av kvinnehelsetenestene i åra som kjem.
Du rapporterer til klinikkdirektør og inngår i klinikken si leiargruppe.
Føde- og gynekologisk avdeling ved Haugesund sjukehus tilbyr eit breitt og differensiert behandlingstilbod innan fødselshjelp, gynekologi, gynekologisk kirurgi og fertilitetsbehandling til befolkninga i opptaksområdet til Helse Fonna.
Avdelinga omfattar føde-/barsel avdeling, gynekologisk sengepost, poliklinisk verksemd, dagbehandling og ei etablert fertilitetseining som tilbyr utgreiing og behandling til par og einslege med behov for assistert befruktning. Gjennom eit samla og framtidsretta tilbod arbeider vi for å sikre høg kvalitet, gode pasientopplevingar og likeverdige tenester innan kvinnehelse.
Avdelinga har eit høgt aktivitetsnivå og består av fleire yrkesgrupper med brei og høg fagleg kompetanse innan fødselshjelp, gynekologi og reproduksjonsmedisin. Fagleg utvikling, pasientsikkerheit og kontinuerleg kvalitetsforbetring står sentralt i verksemda vår.
Hos oss møter du engasjerte medarbeidarar og leiarar som samarbeider tett på tvers av profesjonar, seksjonar og klinikkar for å skape heilskaplege pasientforløp. Vi har eit sterkt fokus på tverrfagleg samarbeid og ønskjer å vidareutvikle tenestene våre i takt med framtidige behov og moglegheiter.
Vi ser etter ein leiar som ønskjer å byggje vidare på avdelinga sine sterke fagmiljø, vidareutvikle medarbeidarar og bidra til innovasjon, kvalitetsforbetring og framtidsretta tenester innan kvinnehelse. Som avdelingsleiar får du høve til å påverke den strategiske utviklinga av avdelinga og vere med på å forme framtidas føde-, gynekologi- og fertilitetstilbod i Helse Fonna.
Kva går jobben ut på?
- Overordna ansvar for personell, økonomi og fagutvikling.
- Vidareutvikle samarbeidsrelasjonar internt og eksternt.
- Kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring og vidareutvikling av forbetringskultur.
- Sikre at tenesta oppfyller nasjonale og lokale krav og retningslinjer.
- Planleggje og leggje til rette for effektiv og fagleg god drift.
- Utarbeide og gjennomføre strategiske planar i tråd med føretaket sine mål.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule.
- Leiarerfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskjeleg. Relevant leiarerfaring frå kommunehelsetenesta eller anna kompleks kunnskapsorganisasjon innan helse vil òg bli vektlagd.
- Formell leiarutdanning er ønskjeleg. For den rette kandidaten kan manglande leiarutdanning kompenserast med relevant leiarerfaring og vilje til å gjennomføre leiarutvikling eller utdanning.
- Erfaring med økonomi-, kvalitets- og driftsstyring er ønskjeleg.
- God organisasjonsforståing og erfaring frå tverrfagleg samarbeid.
- Grunnleggjande IKT-kompetanse.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kva ser vi etter hos deg?
- Tydeleg og målretta leiar med evne til å følgje opp resultat og formidle mål, forventningar og retning på ein klar måte.
- Omgjengeleg og serviceinnstilt, med gode samarbeidsevner og sterke relasjonskompetansar.
- Evne til å motivere, utvikle og engasjere medarbeidarar, både individuelt og i team.
- Handlekraftig problemløysar som arbeider godt under press, tek raske og gode avgjerder og finn løysingar.
- Endringsorientert leiar som fremjar utvikling, kontinuerleg forbetring og godt samarbeid med tillitsvalde og verneombod.
Kvifor skal du velje oss?
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit fagmiljø i utvikling.
- Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas kvinnehelsetenester.
- Eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagkompetanse.
- Moglegheit for fagleg og personleg vekst.
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
- Løn etter avtale.
Vil du vere med å forme framtidas føde- og gynekologitenester i Helse Fonna? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Annelin Voraa Steinsnes, Klinikkdirektør, +47 91191012, annelin.voraa.steinsnes@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5207972965
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
835a0be2-0c8b-48e5-a3c9-1efd60e94679
- Sist endret
13. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e7e0a4e7f054499bf15902cd0014c31