Kontrollingeniør vegprosjekt
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontrollingeniør vegprosjekt
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. februar
Vi søker etter kontrollingneiør for fleire spennande vegprosjekt i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Prosjektorganisasjonen har ei variert portefølje. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Vi er i gang med oppbemanning av prosjektorganisasjonen og søker no etter kontrollingeniør innanfor veg. Du vil inngå i eit team med blant anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande og rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar vil styre på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og utføringsfasen.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor
prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, tunneloppgradering, veginvestering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
å kunne bidra med ulike former for kontroll og oppfølging av entreprenør innan SHA/ YM, kvalitet og framdrift og vil jobbemed mellom anna:
- bidra i utarbeiding av konkurransegrunnlag
- identifisere kritiske prosessar og utarbeiding av kontrollplan
- følgje opp og kontrollere entreprenør i byggefase
- følje opp egen og entreprenørs dokumentasjon av bygginga
- samhandle med entreprenørar på anleggsplass og delta i byggemøter
- bistå byggeleiar i å behandle målebrev, fakturaer, endringar og avvik.
Kvalifikasjonar
- har bachelor eller master i ingeniørfag. Teknisk fagskole med relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.- er godt kjent med ordinære digitale verktøy.
- har førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Bruke fagkunnskapen din på ein praktisk måte.- Vere utviklings- og løysingsorientert.
- Jobbe nøyaktig og målretta.
- Sjå behov og ta ansvar.
- Ha vilje og evne til å samarbeide og involvere interne og eksterne partar.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.noSolgunn Langlo, Prosjektleiar veginvestering , 47898683, solgunn.langlo@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5074821038
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d3eb81a7-3146-4a47-940d-3a926b6218bf
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f38ec41c94af4127b2f60b91160a6776
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund, Kristiansund N, Molde
Arbeidsgiver
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund, Kristiansund N, Molde
Arbeidsgiver
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund, Kristiansund N, Molde