Ingeniørgeolog - vikariat
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Ingeniørgeolog - vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. mars
Møre og Romsdal fylkeskommune driftar over 3200 kilometer med fylkesveg, inkludert bruer, tunnelar, kulvertar, overbygg, ferjekaier, skredsikringar og støttekonstruksjonar. Vegnettet har dei fleste variasjonar av grunnforhold, skråningar, skjeringar, skred- og flaumproblem.
Som ingeniørgeolog får du stor grad av fridom til å sjølv legge opp din eigen balanse mellom felt- og kontorarbeid.
Du tar del i eit viktig samfunnsoppdrag og du kan vere midt i hendingane når det står på med vêr og skred, eller nyte ein fleksibel arbeidsplass i rolegare periodar. Gjennom planleggings- og prosjekteringsarbeid får du vere med på å utforme framtidas vegar, tunnelar, bruer og ferjekaier i Møre og Romsdal.
Deltaking i fleire nettverk med andre fylkeskommunar og statlege etatar gjev moglegheit for god fagleg utvikling. Mange av utfordringane på fylkesvegane er ikkje standardproblem etter læreboka, og du får derfor bryne deg på varierte utfordringar kor ein må tenke nytt, smart og kreativt, gjerne med bruk av ny teknologi.
Stillinga er på teamet tunnel, geofag og elektro, under seksjon for vegdrift. Seksjonen sørger for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har samtidig ansvar for asfalt, tunnelar, beredskap og geologi/geoteknikk. Avdelinga tar også hand om styrings- og strategioppgåver. Stillinga vil og kunne ha enkelte oppgåver under andre seksjonar, eksempelvis vegprosjektseksjonen.
Innan samferdselsområdet har fylkesvegavdelinga kontorlokasjonar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan velje kor du vil ha kontorstad.
Arbeidsoppgåver
- Ingeniørgeologiske vurderingar ved mindre utbetringar og akuttoppdrag i tunnelar, bergskjeringar og skred i driftsfasen- Hovudinspeksjon av tunnelar og bergskjeringar med fokus på berg og bergsikring, og skredsikringsobjekt
- Ingeniørgeologisk prosjektering, rådgjeving, kontroll og oppfølging i planleggings-, prosjekterings-, bygge- og driftsfase
- Stabilitets- og skredvurderingar (berg, ur, lausmassar og snø) samt planlegging av skredsikringstiltak
- Oppfølging av ekstern konsulent innanfor fagområdet geologi
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan geofag, fortrinnsvis innan ingeniørgeologi- Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet er ønskelig
- God kjennskap til digitale verktøy
- Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Torgeir Bye, Seksjonsleiar vegdrift , 90737873, torgeir.bye@mrfylke.noMarit Bakken Gjørva, Ingeniørgeolog, 48159658, marit.bakken.gjorva@mrfylke.no
Arbeidsstad
Borgundvegen 3406009 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5090490253
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
94822cc1-1f4d-4c3f-b4db-a5f536e29708
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0fe326fe7d3c429eb88d2a45443bd374
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde, Ålesund, Kristiansund N
Arbeidsgiver
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde, Ålesund, Kristiansund N
Arbeidsgiver
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde, Kristiansund N, Ålesund