Hopp til innhold

Medisinstudent med lisens

Arbeidsgiver

PBU, BUP Voss, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Sted

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Medisinstudent med lisens
Type ansettelse
Vikariat, deltid 30%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 27. oktober

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.

Frå 01.01.27 til 31.12.27 har vi ledig ein midlertidig 30% stilling for medisinarstudent med lisens. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.

Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells, går heile året.


Arbeidsoppgåver

  • Legeundersøkingar av pasientar
  • Medisinkontrollar
  • Oppfølging av pasientar som er i utgreiing/behandling

Kvalifikasjonar

  • For stillinga er det krav om dokumentert midlertidig legelisens eller norsk autorisasjon
  • Særs god mestring av norsk, skriftleg og munnleg
  • Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a. 

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Høg fagleg og fagetisk medvit
  • Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
  • Rettleiing av overlege
  • Delvis fleksibel arbeidstid
  • Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling
  • Nye og flotte lokale
  • Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din
     

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, +47 90736587

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194044839
Stillingsprosent: 30%
Engasjement
Søknadsfrist: 27.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Marianne Stordal Røynesdal

Seksjonsleiar

+47 90736587

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d3e1e32e-310d-4f9d-a71f-b4fe0667f316

Sist endret

14. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d787826fab164f558885a332f5b73c96

Lignende annonser

Laster lignende annonser