Hopp til innhold

LIS 2/3 Indremedisin

Arbeidsgiver

Voss Medisinske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 12, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
LIS 2/3 Indremedisin
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Likar du å finne svar når fasiten ikkje er opplagd? Då kan du passe godt inn hjå oss!  Me har ledig fast stilling for LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027. 

Me tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater, kardiolog og nefrolog. Me ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete.

I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar på vakt. Fast tilsette LIS2/3 ved Voss Sjukehus kan gjennomføre gruppe 1 teneste ved Haukeland Universitetssjukehus.


Arbeidsoppgåver

  • Visitt på sengepost
  • Poliklinikk
  • Vakt
  • Rettleiing av LIS1
  • Internundervisning

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling i indremdisin
  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg samt ha god skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide saman med andre, men synest pasientar og pårørande er dei viktigaste
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet

Me tilbyr

  • Stort fagleg engasjement
  • Me vil at du skal lykkast med å oppnå fagleg vekst og meistring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kurs
  • Me bistår gjerne med å skaffe bustad, fint om dette i så fall er opplyst i søknad

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gro Lillegraven, Seksjonsoverlege, gro.lillegraven@helse-bergen.no
Magnus Wiger Austefjord, Overlege, magnus.wiger.austefjord@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 12
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5174933971
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Magnus Wiger Austefjord

Overlege

magnus.wiger.austefjord@helse-bergen.no

Gro Lillegraven

Seksjonsoverlege

gro.lillegraven@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

46ef6f33-d0c1-49d2-93d3-414725612049

Sist endret

12. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0edea26d86064ad4ba91d8d5939de979

Lignende annonser

Laster lignende annonser