Vikariat LIS 2/3 Indremedisin
Voss Medisinske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus
Sjukehusvegen 12, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- LIS 2/3 Indremedisin
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. oktober
Likar du å finne svar når fasiten ikkje er opplagd? Då kan du passe godt inn hjå oss! Me har ledig vikariat for LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater, kardiolog og nefrolog. Me ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete.
I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar på vakt.
Arbeidsoppgåver
- Visitt på sengepost
- Poliklinikk
- Vaktarbeid
- Rettleiing av LIS1
- Internundervisning
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling
- Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg samt ha god skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide saman med andre, men synest pasientar og pårørande er dei viktigaste
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
Me tilbyr
- Stort fagleg engasjement
- Me vil at du skal lykkast med å oppnå fagleg vekst og meistring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kurs
- Me bistår gjerne med å skaffe bustad, fint om dette i så fall er opplyst i søknad
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gro Lillegraven, Seksjonsoverlege, gro.lillegraven@helse-bergen.noMagnus Wiger Austefjord, Overlege, magnus.wiger.austefjord@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 125704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5174939162
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.10.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7989298a-daeb-4ea7-b237-d0c36b3a277f
- Sist endret
12. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
54ed9f7f5f00481285d361b624a77848