Hopp til innhold

Ambulerende matros Sunnmøre

Arbeidsgiver

Fjord1 AS

Sted

Volsdalsbakken 4B, 6007 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Ambulerende matros Sunnmøre
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 28. mai

Ei stilling for deg som ønsker ein variert og fagleg utfordrande kvardag

I denne rolla vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband på Sunnmøre og i Romsdalen etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timers arbeidsveke. 

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

Stillinga er engasjement i 1 år med moglegheiter for fast tilsetting. Oppstart august/september.

Søkar må bu lokalt.


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Bistå som bemanning på ulike fartøy ved behov
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Nok fartstid til å mønstre matros
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring 
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund.
    • Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
    • Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av. 
    • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.

    Kontaktinformasjon

    Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, jonas.hovland@fjord1.no

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5129506063
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 28.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Jonas Hovland

    Rekrutteringsrådgiver

    jonas.hovland@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d34a9311-218a-4169-9f87-3fc3d3de697d

    Sist endret

    13. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    c36079a6a0df47a59a71d2f298f79d4d

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser