Hopp til innhold

Ambulerende maskinsjef Sunnmøre

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Riksveg 61, 6060 Hareid

Om jobben

Stillingstittel
Ambulerende maskinsjef Sunnmøre
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

Ei stilling for deg som ønsker ein variert og fagleg utfordrande kvardag

I denne rolla vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband på Sunnmøre og i Romsdalen etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når det trengst.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsveke. 

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

Stillinga er engasjement i 1 år med mulighet for fast tilsetting. Oppstart august/september.

Søkar må bu lokalt.


Arbeidsoppgåver

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat.
  • FSE e- læringskurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

    Vi tilbyr

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
    • Tilsetting i eit solid og anerkjent selskap.
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
    • Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av.

    Kontaktinformasjon

    Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Riksveg 61
    6060 Hareid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5128089340
    Stillingsprosent: 100%
    Engasjement
    Søknadsfrist: 26.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sigrunn Hellebust

    Rekrutteringsmedarbeider

    +47 47330488

    sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    0e763f41-3b21-483c-8f18-1a820f558838

    Sist endret

    13. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    01133e044ffb495ba878da27ac58966f

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser