Sjukepleiar 80% fast på natt
Mottaksklinikken/ Utgreiingsmottak I, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar til 80% stilling på natt
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Utgreiingsmottak 1 har 23 senger og er delt i to team: Team UMO 1 med 17 senger og Team Akuttposten med 6 senger. Dei tilsette er knytta til eit av dei to teama, men vi samarbeider og jobbar på tvers ved behov.
Team Akuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller ved behandlingskrevande abstinens. Team UMO 1 greier ut pasientar med uklare og samansette sjukdomsbilete tilhøyrande alle kliniske avdelingar. Pasientane blir triagert i Akuttmottak og deretter overført til Utgreiingsmottak for journalopptak. Vi har ein individtilpassa tilnærming, og er opptatt av å ikkje oversjå somatiske årsaker til pasientens tilstand. Gjennomsnittleg opphaldstid er ca. 24 timer (maks. 48 timer).
Arbeidsoppgåvene i Team Akuttposten er både mottak av pasientar, overvaking, behandling, samt kartlegging av pasientens forhold. Vi har stort fokus på sikkerheit for både pasientar og tilsette.
I Akuttposten kan vi tilby eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø og ein spennande arbeidskvardag. Her utviklar du kompetanse innan både somatikk, psykiatri og rusproblematikk. Du blir god til å sjå heile mennesket, vere fleksibel, og følge pasientens tilstand og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Ordinære sjukepleiaroppgåver med tett oppfølging av den enkelte pasient
- Mottak av pasientar
- Tett observasjon og oppfølging av pasienten sin tilstand
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Gje god omsorg for pasient og pårørande
- Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskeleg at du har 2 års erfaring som sjukepleiar innanfor eit eller fleire av desse områda: akuttmedisin, rus/psykiatri
- Det er og relevant med vidareutdanning innan dei same områda
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt, tilsvarande Bergenstesten, og du har god munnleg engelsk kompetanse
Personlege eigenskapar
- Vi vil gjerne ha fleire kollegaer med godt humør og pågangsmot, men først og fremst må du ha gode kommunikative evner
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du må vere lærevillig og audmjuk i møte med pasientar og pårørande i store, personlege kriser
- Du beheld roen og evnar å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- God opplæring og oppfølging
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Internundervisning
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ine Skåtøy , seksjonsleiar, 55971802Signe Elisabeth Tynæs, Ass. Seksjonsleiar, 55971854
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4904647396
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 26.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Signe Elisabeth Tynæs
Ass. Seksjonsleiar
55971854
Ine Skåtøy
seksjonsleiar
55971802
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2830172
- Hentet fra
talentech
- Referanse
859c29ad8a9b4d84a5ca9124e45f00d5