Hopp til innhold

Overlege augesjukdomar

Arbeidsgiver

AUGE ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Overlege augesjukdomar
Oppstart
15. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du klar for å ta del i eit fagmiljø der du verkeleg kan gjere ein forskjell for pasientane våre?

Vi har ledig vikariat som overlege innan augesjukdomar. Oppstart etter avtale.

Augepoliklinikken i Ålesund er inne i ei spennande utvikling med stor auke i pasienttilstrøyming og behov for spesialisert kompetanse. Vi søkjer no ein engasjert og fagleg sterk overlege innan augesjukdommar/oftalmologi som vil vere med på å vidareutvikle tilbodet vårt og sikre høg kvalitet i behandlinga.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit sterkt og triveleg fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid.

Vi er for tida:
4 overleger
5 LIS-legar
Seksjonen har fokus på fagleg utvikling, pasientsikkerheit og tverrfagleg samarbeid. Du vil få moglegheit til å påverke utviklinga av behandlingstilbodet og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring.

Vi ser fram til å motta din søknad og til å bli betre kjent med deg som ønskjer å bidra til vidare utvikling av augehelsetilbodet i Ålesund.

Arbeidsoppgåver

  • Polikliniske konsultasjoner, utreding og behandling
  • Dagkirurgi(særleleg kataraktkirurgi)
  • Delta i heimevaktordning
  • Holde undervisning for kollegaer
  • Supervisjon av LIS
  • Bidra til utvikling og kvalitetssikring av polikliniske tenester

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialistgodkjenning innan oftalmologi/augesjukdomar
  • Kandidatar med kort tid igjen til ferdig spesialitet kan også vurderast
  • Erfaring med kataraktkirurgi er ønskjeleg
  • Må beherske norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har brei klinisk erfaring og sterk fagleg interesse for augehelse
  • Du har engasjement for pasientsikkerheit og kvalitetsarbeid
  • Du trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • Du ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Eit dynamisk og fagleg sterkt miljø med dedikerte kollegaer
  • Fleksible arbeidstidsordninger
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Renate Susann Waage Fylling, Seksjonsleiar, Renate.Susann.W.Fylling@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5028691060
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.12.2025
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 26.11.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d2393871-0af1-43a3-a28f-31f0698d23be

Sist endret

27. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

dde3f5f6e18547e0ac8d761a997d7f03

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Legetjenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune

Sted

Ålesund