Lege i spesialisering revmatologi
REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering revmatologi
- Oppstart
- 1. september 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har ledig vikariatfor lege i spesialisering i revmatologi frå 01.09.26!
Revmatologi er eit fantastisk interessant fag som kombinerer praktiske prosedyrar (m.a. ultralyd av kar, nervar, ledd/leddinjeksjonar), samt indremedisinsk puslespel-legging på eit komplisert immunologisk bakteppe.
Vi søker deg som ønskjer ein variert og spennande kvardag, og som vil vere med og utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kollegaer.
Supervisjon og veiledning er satt i system der overlege alltid er tilgjengeleg. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå spesialitetskomiteen i revmatologi for måten vi driv opplæring og oppfølging på. Vi har ein fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke.
Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost med 2 senger og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, som har gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste og nyaste av behandlingsmetodar.
Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledig.
Arbeidsoppgåver
Lege i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk.Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Erfaring frå revmatologi vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig samtidig som du støttar deg til erfarne kollegaer
- Du er ansvarsbevisst
- Du er fleksibel og samtidig strukturert
- Du har gode samarbeidsegenskapar
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5097944139
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c77916ab-b78d-4ab7-bcae-ef1d20210c64
- Sist endret
24. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c1496e92394245d19fef726079b506d1