Vil du vere med og skape trygge fellesskap for born og unge på Voss?
KFUK-KFUM NORGE
Hestabakkvegen 1, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Daglig leder i KFUK-KFUM Voss
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 17. september
KFUK-KFUM Voss søkjer dagleg leiar i 100 prosent stilling. Vi ynskjer oss ein person som kan kombinere overordna ansvar for drift og utvikling med ansvar for aktivitetar og miljø for born og unge. Det skjer i Vonheim, huset vårt, midt i sentrum av Vossevangen.
Dette er ei stilling for deg som trivst med å skape aktivitet og relasjonar i møte med menneske, og som kan ta ansvar for koordinering, drift og vidare utvikling av arbeidsgreiner og fellesskap.
Om stillinga
Utvikling og gjennomføring av aktivitetar og møteplassar for barn og unge er ein viktig del av arbeidet. Dette inneber både praktisk tilrettelegging, relasjonsbygging og oppfølging av frivillige og deltakarar. Vi har lange Ten-Sing tradisjonar, der ungdomsarbeidet omfattar både musikk og andre aktivitetar. Barne-og familiearbeid i Supertysdag har dei siste åra vore i vekst.
Som dagleg leiar får du også ansvar for den samla drifta av KFUK-KFUM Voss. Dette omfattar mellom anna:
- planlegging, koordinering og administrasjon
- økonomioppfølging og søknadsarbeid
- samarbeid med styret, frivillige og eksterne samarbeidspartnarar
- overordna ansvar for arbeidet knytt til Vonheim open barnehage
- ansvar for aktivitetar og møteplassar for barn, unge og familiar
Dette er ei stilling for deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, og som samtidig ønskjer å skape relasjonar og samarbeid på tvers av frivillige og samarbeidspartnarar. Nokre administrative og økonomiske oppgåver blir i dag løyste i samarbeid med frivillige ressursar, men oppgåvefordelinga kan endre seg over tid.
Noko arbeid på ettermiddag, kveld og helg må påreknast. Omfanget er om lag to kveldar i veka og éi helg i månaden, men det kan variere noko gjennom året.
Arbeid og aktivitetar vil i hovudsak fylgje rytmen i skuleåret.
Vi ser etter deg som:
- har eit sterkt engasjement for barn og unge
- trivst både med praktisk arbeid og administrative oppgåver
- er sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeide
- har relevant utdanning og/eller relevant arbeidserfaring
- har evne til å byggje relasjonar og skape aktivitet saman med andre
Vi ynskjer at du har erfaring frå barne- og ungdomsarbeid, organisasjonsarbeid, leiing, kulturarbeid, kyrkjeleg arbeid eller liknande. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Vi tilbyr
- ein meiningsfull og variert jobb
- moglegheit til å påverke og utvikle arbeidet vidare
- eit engasjert og støttande miljø av frivillige og samarbeidspartnarar
- lønn i samsvar med tariffavtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
Praktisk informasjon
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må kunne arbeide lojalt i tråd med formålet, verdigrunnlaget og profilen til KFUK-KFUM Norge.
Vi ønskjer primært å tilsetje éin person i ei samla 100 prosent stilling. Samstundes opnar vi for å vurdere søkjarar som er interesserte i anten den administrative og leiande delen av stillinga, eller den operative delen knytt til aktivitetar og miljøarbeid. Dersom slik deling er aktuelt for deg, ber vi om at du presiserer dette i søknaden.
Søknadsfrist: 17. september.
Tiltreding så snart som mogeleg, eller etter avtale.
Du er velkommen til å ta kontakt med styreleiar i KFUK-KFUM Voss Gunvor Sønnesyn eller områdeleiar Kristin Engeberg dersom du har spørsmål.
KFUK-KFUM ynskjer å spegle mangfaldet av barn og unge som vi arbeider med og for. Vi ynskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Mangfald er ein ressurs vi vil bruke i alle ledd i organisasjonen vår. Vi oppmodar dei som er kvalifiserte til å søkje.Om bedriften
KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for at barn og unge skal få leve og utvikle seg som heile menneske, med ånd, sjel og kropp. På Voss arbeider vi for å skape inkluderande møteplassar prega av fellesskap og meistring, innan og på tvers av aldersgrupper. Arbeidet vårt skjer i nært samarbeid med frivillige, kyrkjelyden i Vangskyrkja og andre aktørar i nærmiljøet.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d20f0628-4e12-43e7-b64c-90d0eb5d2f8e
- Sist endret
4. september 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
475184617