Hopp til innhold

Hardanger og Voss museum søkjer stabsleiar

Arbeidsgiver

Hardanger og Voss museum

Sted

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Om jobben

Stillingstittel
Stabsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 4. oktober

Har du lyst til å bli med å utvikle ein mangfaldig og engasjert kultur- og kunnskapsinstitusjon?

Hardanger og Voss museum tek vare på, formidlar og utviklar ny kunnskap om kulturarv og kunst i regionen. Gjennom museum, møteplassar og opplevingar er vi ein viktig samfunnsaktør og demokratisk arena for refleksjon, deltaking og fellesskap.

No søkjer vi ein utviklingsorientert stabsleiar som vil vere med på å styrkje organisasjonen vår vidare. Dette er ei nøkkelrolle i organisasjonen, og passar for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategi og drift, mellom samfunnsoppdrag og daglege avgjerder. Og som ønskjer å bidra til gode rammer for eit stort og mangfaldig fagmiljø.
Som stabsleiar får du ei sentral rolle i administrasjonen med overordna ansvar for økonomi, personal og organisasjonsutvikling. Du arbeider tett saman med staben, direktør og avdelingsleiarane, og rapporterer til direktør.

Arbeidsstad for stillinga er ved våre nye og flotte lokale i Norheimsund.

Bli betre kjent med Hardanger og Voss museum! Høyr direktør Åsmund Kristiansen fortelje om stillinga og verksemda i Stillingspodden fra HAMNØY:
https://www.buzzsprout.com/2075765/episodes/19735867


Ansvar og arbeidsoppgåver

Som vår nye stabsleiar får du det overordna ansvaret for økonomiforvaltning, personalleiing og organisasjonsutvikling. Rolla kombinerer strategisk og operativt arbeid, og inneber stor grad av sjølvstende i korleis du byggjer og vidareutviklar stabsfunksjonen.

Du vil mellom anna ha ansvar for å:
  • leie stabens fem medarbeidarar innan økonomi, personal og kommunikasjon
  • ha overordna ansvar for økonomiforvaltning, budsjett og prognosearbeid
  • drive organisasjonsutvikling og strategisk arbeid
  • vidareutvikle verksemdstyring, personalforvaltning og digital utvikling
  • koordinere arbeid med etterleving av lovverk og beredskap
  • bidra til vidareutvikling av kommunikasjon og marknadsføring
  • fungere som sparringspartner for avdelingsleiarane, og stedfortredar for direktøren ved behov
  • vere styresekretær og administrativ ressurs for styret i HVM

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søkjer deg med solid leiarbakgrunn og god økonomiforståing, og som trivst med å tenkje heilskapleg på tvers av avdelingar. Du er ein trygg og samlande leiar som trivst med å utvikle både menneske, organisasjon og arbeidsprosessar. Du motiverast av samfunnsoppdraget vårt og ser verdien av å arbeide i ein kunnskaps- og kulturinstitusjon der målet er samfunnsverdi framfor økonomisk vinning. Har du erfaring frå og/eller interesse for kulturarv og museumsfeltet, så er det ein fordel.

Det er ønskjeleg at du har

  • relevant høgare utdanning innan økonomi, administrasjon eller organisasjonsfag, eller tilsvarande erfaring
  • solid leiarerfaring, gjerne frå ein kompleks eller samansett organisasjon
  • god økonomiforståing og evne til å gjere analyser og rapportering
  • bakgrunn frå strategiarbeid er ein fordel
  • erfaring med styrearbeid eller sakshandsaming mot styret

Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.

Kvifor Hardanger og Voss museum?

  • Du får ei sentral leiarrolle med reell påverknad på utviklinga av ein viktig kultur- og kunnskapsinstitusjon.
  • Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med kompetanse innan kulturhistorie, bygningsvern, formidling, samlingsforvaltning, forsking, kommunikasjon og publikumsarbeid.
  • Du får arbeide i ein organisasjon med spanande utviklingsprosjekt og store ambisjonar for framtida.
  • Du bidreg til å styrkje museet si rolle som inkluderande møteplass og samfunnsaktør i regionen.
  • Du får engasjerte kollegaer som brenn for oppdraget sitt og samarbeider på tvers av fag og geografiske lokasjonar.
  • Regionen byr på eit rikt kulturliv og unike moglegheiter for friluftsliv mellom fjord, fjell og fossar.
  • Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Søknadsfrist: 4. oktober 2026 - me vurderer søknader fortløpande

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgjevarane:

  • Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
  • Allette Solberg, tlf. 900 20 132

Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt  – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjarar).

Tiltreding etter nærare avtale.

Kontaktinformasjon

Allette Solberg, Rådgiver, + 47 900 20 132, as@hamnoy.no
Fredrik Deilkås, Rådgiver, +47 984 72 541, fad@hamnoy.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Hardanger og Voss museum

Referansenr.: 5174296515
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Fredrik Deilkås

Rådgiver

+47 984 72 541

fad@hamnoy.no

Allette Solberg

Rådgiver

+ 47 900 20 132

as@hamnoy.no

Om bedriften

Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har omlag 70  årsverk og omkring 80 millionar i omsetnad. 

Hardanger fartøyvernsenter er den største avdelinga i Hardanger og Voss Museum, med kring 45 tilsette. Me er eit nasjonalt fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden med båtbyggjarar, smedar og reipslagarar. I tillegg har me ein bygningsvernavdeling som driv restaurering og dokumentasjon, i tillegg til å vera læringsarena for NTNU og Fagskulen i Vestland. Me har i dag kring 20 000 besøkjande gjennom året og formidlar maritimt handverk og kulturhistorie. Hardangerjakta “Mathilde” som er alle tings mor ved HFS, seglar både med leirskuleelevar og andre gjester og er ein viktig del av oss. 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

51413251-3d46-4193-a4bf-fb52d64271bf

Sist endret

1. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

34d42698aa844745bd76fdf1935312cf

Lignende annonser

Laster lignende annonser