Hopp til innhold

Vikar rådgivar kommunal planlegging

Arbeidsgiver

Stab for strategi og styring, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Om jobben

Oppstart
11. mai 2026
Stillingstittel
Vikar rådgivar kommunal planlegging
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. april

Ønskjer du å jobbe med planlegging, vere ein del av eit planfagleg miljø med fleire planleggarar og vere med å utvikle kommunane i Møre og Romsdal? Ved seksjon for plan har vi ledig eit 12 månaders vikariat i 100 % stilling som rådgivar i kommunal planlegging.

Arbeidsoppgåver

  • Samordne innspela frå dei ulike ansvarsområda i fylkeskommunen i eit felles brev med ei tilråding
  • Gjennom ordninga med plansamordning arbeider rådgivaren tett med andre avdelingar i
    fylkeskommunen
  • Ha dialog med kommunane om konkrete saker, svare på spørsmål og delta på synfaringar hos
    kommunane i fylket ved behov
  • Skrive saksframlegg til fylkesutval i saker der fylkeskommunen reiser motsegn
  • Delta i utviklingsarbeid i fylket der plankompetanse er etterspurt
  • Oppgåvene kan tilpassast noko etter kompetansen til den som får vikariatet

Høve til rask tilsetting vil bli vektlagt.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelor eller masternivå innan arealplanlegging eller samfunnsplanlegging. Også annan utdanningsbakgrunn kan vere aktuelt dersom ein har erfaring frå arbeid med planlegging
  • God kjennskap til plan og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og anna relevant lovverk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God forståing av skilje mellom politikk og administrasjon
  • Det er ein fordel å ha kunnskap om kommunane i Møre og Romsdal

Personlege eigenskapar

  • Er positiv, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
  • Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
  • Er ansvarleg, strukturert og arbeider målretta
  • Er samfunnsinteressert

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg og utviklande arbeidsmiljø 
  • Interessante og kompetansegivande oppgåver, som m.a. gir god innsikt i ulike samfunnsområde og det politiske systemet
  • God tilgang til faglege nettverk 
  • Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på vekst og fagleg utvikling av leiarar og medarbeidarar
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Ingunn Bekken Sjåholm, Fylkesplansjef, +47 90746923

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 MOLDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5106230966
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 11.05.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 27.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingunn Bekken Sjåholm

Fylkesplansjef

+47 90746923

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d1db99f8-88e2-4bed-8d09-d59a0d96a23c

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

18380302de1346eaa7a426d94ee46513

Lignende annonser

Laster lignende annonser