Hopp til innhold

Kantor / Kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50%

Arbeidsgiver

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Sted

Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Kantor / Kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50%
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som  arbeidsstad.

Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eit samarbeidsområde. Kyrkjelyden har sokneprest, kantor, kyrkjetenar, dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest. Det er stabsfellesskap mellom sokna med felles dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest.
Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy sokn har ca. 2000 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd- og lysanlegg og kontor for tilsette.
Orgelet er bygd av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Ålesund har eit aktivt musikkmiljø med bla symfoniorkester og kulturskule.
Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no

Arbeidsoppgåver

  • Tenestegjere ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.
  • Lede og utvikle kyrkjelydens  musikk og kulturarbeid.
  • Gi støtte til kyrkjelydens øvrige arbeid og inngå i tverrfaglege satsingar.
  • Vere ein kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd, stab og fellesråd.
  • Delta i stabs- og fagmøte og andre administrative møtepunkt.
  • Nokre tenester, t.d. gravferder i andre kyrkjelydar må ein rekne med.

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis utdanning i samsvar med Tenesteordning for kantorar, eventuelt kyrkjemusikar med anna relevant utdanning/realkompetanse/kirkemusikalsk utdanning.
  • Krav om allsidige orgel og piano ferdigheiter.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og kreativ, og har eit ønskje om å bidra i kyrkjelydens musikalske arbeid.
  • Kontaktskapande og samarbeidsvillig, evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Hyggelege kollegar i ein stab som har fokus på eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Eit engasjert sokneråd dei tilsette kan samarbeide med.
  • Lønn etter KAs tariffavtale
  • Pensjons- og forsikringsordningar
 

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
  • Tilsetting i Ålesund kyrkjelege fellesråd med for tida Ellingsøy sokn som arbeidsstad

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju og eventuelt prøvespeling og prøvedireksjon.
 
Oppstart etter nærare avtale.

Kontaktinformasjon

Kristin Smehus, Dagleg leiar,  945 32 479
Hans Roar Aas, Avdelingsleiar kyrkjelyd, 943 23 279

Arbeidssted

Langelandsvegen 17
6010 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5117906699
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Hans Roar Aas

Avdelingsleiar kyrkjelyd

943 23 279

Kristin Smehus

Dagleg leiar

945 32 479

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d1ca7748-589b-4d6c-beee-c300b14ca267

Sist endret

23. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cd116a28c8fd44f08f07496d6f4b2448

Lignende annonser

Laster lignende annonser