Lærar i vokal og musikkfag
Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund videregående skole
Gangstøvikvegen 27, 6009 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Lærar i vokal og musikkfag
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. mai
Vi søkjer etter ein musikklærar med hovudvekt på rytmisk song, som kan ta del i undervisning innan fleire musikkfag ved skolen.
Vi treng deg som har solid bakgrunn frå den rytmiske musikkverda, og som kan bidra aktivt til å utvikle og styrkje det rytmiske tilbodet vårt. Du har erfaring med sjangrar som pop, rock, jazz, soul eller beslekta uttrykk, og er trygg i arbeid med band, samspel og vokal formidling i ulike ensembler og kontekstar.
Vi ser etter ein lærar som kombinerer praktisk musikkutøving med pedagogisk forståing, og som kan inspirere elevar til musikalsk utvikling, skapande arbeid og sjangerforståing.
Utlysninga må sjåast i samanheng med ei utlysing ved Ålesund kulturskole. Det vil bli lagt vekt på moglegheit for stillingssamarbeid. Samla kan dei to stillingane utgjere ei stilling på inntil 100 %, med arbeidsforholdet delt mellom Ålesund videregående skole (50 %) og Ålesund kulturskole (50 %). Stillingane må søkast på kvar for seg.
[Lenke til stillingen ved Ålesund Kulturskule kommer her når den er ute]
Arbeidsoppgåver
Stillinga inneber undervisning i song og andre musikkfag. Læraren vil ha ansvar for å utvikle ferdigheitene til elevane i stemmebruk, song og musikalsk uttrykk, både individuelt og i gruppe. Stillinga omfattar òg arbeid med felles musikalske praksisar, mellom anna øving og innstudering av korrepertoar i samband med konsertar, avslutningar og andre arrangement.
Stillinga inngår i eit tverrfagleg og praksisorientert læringsmiljø, og det er forventa samarbeid med dei andre lærarane på avdelinga om undervisning, prosjekt og produksjonar. Den som blir tilsett, må kunne bidra fleksibelt i fleire musikkfag, avhengig av behova til skolen og elevgrunnlaget, og vere ein aktiv del av kunst- og kulturlivet ved skolen.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har formell undervisningskompetanse i musikkfag, med ekstra vekt på song.
- Minimum 60 stp innan musikk, fortrinnsvis bachelor eller meir, med rytmisk vokal som hovudinstrument
- PPU (eller tilsvaraande pedagogisk utdanning)
- Erfaring frå undervisning i vidaregåande skole blir vektlagd
- Erfaring med det utøvande feltet blir vektlagd
- Personlege eigenskaper blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har eit positivt elevsyn, god relasjonskompetanse, og som kan vere ein trygg og tydeleg vaksenperson for ungdomane våre. Du må ha gode samarbeidsevner og bidra aktivt i profesjonsfellesskapet på skolen. Vi søkjer deg som er fleksibel og engasjert, og som kan bidra til å utvikle skolen og faga. Du må også ha god kompetanse innan IT på brukarnivå.
Politiattest må fremleggast jmfr. opplæringslova §17-11.
Vi tilbyr
- spanande og varierte arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass kjenneteikna av høg kvalitet og profesjonalitet
- eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
- gode pensjonsordningar
- løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Sæther Vidar, Fagleder, +47 91642281Arbeidsstad
Gangstøvikvegen 276009 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5114544428
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 15.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Sæther Vidar
Fagleder
+47 91642281
Om bedriften
Om skolen:
Ålesund videregående skole er den største i fylket med ca. 1400 elevar og eit stort mangfald av både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar. Vi er lokalisert på Campus Ålesund (i Fagerlia) og på Volsdalsberga, med nært og godt samarbeid med NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal og regionalt nærings- og kulturliv. Vi skal vere ein attraktiv og framoverlent skole med høg elevgjennomføring, og som leverer relevant kompetanse for både arbeidsliv og høgare utdanning.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
34c349f4-c35f-4aa9-baff-dd21b7042ac0
- Sist endret
27. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3c413ef05998456fa8c14dc218eb1cc7