Hopp til innhold

Kulturskolelærar - Teater (vikariat 70 % stilling)

Arbeidsgiver

Ålesund kulturskole, Kommunalområde Samfunn

Sted

Larsgårdsvegen 6, 6009 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Kulturskolelærar - Teater (vikariat 70 % stilling)
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 29. mai

Ålesund kulturskole (v/Jugendteateret) har ledig vikariat i 70 % stilling som teaterlærar ved Jugendteateret. Stillinga inneber undervisning og teaterfagleg arbeid med barn og unge. Teaterlæraren vil vere del av eit fagmiljø med ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og førestillingar innanfor gjeldande rammer for kulturskulen.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i teater/drama for barn og unge
  • Leie og følgje opp teatergrupper på ulike nivå
  • Planlegge og gjennomføre førestillingar og visningar
  • Aktivt delta i møteverksemd og pålagde arrangement
  • Delar av undervisninga kan vere desentralisert andre stader i kommunen (den tilsette må ha førarkort klasse B)

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3 års høgare utdanning (frå høgskule eller universitet) innan teater, drama eller scenekunst. Teaterfagleg kompetanse innan skodespel og/eller regi.
  • Tilstrekkeleg Pedagogisk kompetanse (PPU eller tilsvarande)
  • Erfaring med undervisning og arbeid med barn og unge
  • Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning

Det er krav om politiattest, jf. OPL § 17-11

Personlege eigenskapar

  • Gode pedagogiske evner og trygg i arbeid med barn og unge
  • Gode samarbeidsevner mot kollegaer, føresette og administrasjon
  • Strukturert, påliteleg og sjølvstendig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Engasjert og tydeleg formidlar
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
  • Oppslutning om kommunen sine verdiar, open - engasjert - modig, er viktig for oss.

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull undervisningsstilling i eit kreativt fagmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver innan teater og scenekunst
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Undervisningsstillinger i kulturskolen er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet

Kontaktinformasjon

Miguel Angel Camacho Campins, Konstituert virksomhetsleder

Arbeidsstad

Larsgårdsvegen 6
6009 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 5125429336
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 29.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Miguel Angel Camacho Campins

Konstituert virksomhetsleder

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f4c92136-c22f-4eb9-b8db-c28307824d08

Sist endret

15. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ffba9a0923ce4059a219f0e88db65fb7

Lignende annonser

Laster lignende annonser