Sjukepleiar/vernepleiar – 80% faste nattstillingar ved Psykiatrisk klinikk
Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fast 80% stilling på natt for sjukepleiar/vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar.
Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Det er ledig 80% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1 søker sjukepleiar eller vernepleiar, kvar 3. helg
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S3 søker sjukepleiar eller vernepleiar, kvar 3. helg
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM2 søker sjukepleiar eller vernepleiar, kvar 3. helg
Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar.
Seksjon S1 er ein av dei to lukka døgnseksjonane med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar. Den tverrfaglege behandlingen vi tilbyr blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har om lag 70 fast tilsette, og behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3). S1 har eit godt og fagleg arbeidsmiljø, og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.
Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar.
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og intensiv eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø og søker etter ein ny kollega som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Ulfeng Jakobsen, Tlf. 55958722
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.
Vi har i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM2 er ein lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Vi er ein spennande, hektisk og utfordrande arbeidsplass, der du får nytte din faglege og personlege kompetanse. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø. Vi søker ein ansvarsbevisst sjukepleiar eller vernepleiar som trivst i eit aktivt miljø og bidrar til eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsvakt
- Administrering av medisinar
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
- Observere og dokumentere
- Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå psykiatri er ønskeleg
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Vi ønsker medarbeidarar som:
- har respekt for den enkelte pasienten
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- ønsker og evner å motta rettleiing
- Utfordringar og læresituasjonar
- Fadderordning
- Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5040631765
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1714e67-4869-462d-a511-5572ab50b54c
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
10e88658df4f42dd83124424e3682319
Lignende annonser
Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk, Lokal sikkerheitspost og Kronstad DPS
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen, Bergen
Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ Korttidsavdeling Engenhuset, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Forsterka rehabilitering/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
Sted
Bergen