Hopp til innhold

Nattevakt - Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken/ Martens, Helse Bergen HF

Sted

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Nattevakt - Sjukepleiar/Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. 

Martens er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Seksjonen ligg tilbaketrekt i rolige omgjevnader i Sandviken og omfattar to sengepostar.  

Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging. Me tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, både i eige treningsrom og i nærområdet. Det blir lagt stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra eit heilskapleg behandlingstilbod. 

Pasientane blir møtte av ei tverrfagleg personalgruppe med brei kompetanse. Hos oss møter du mellom anna erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar og psykolog, som saman bidreg til eit heilskapleg tilbod. 

I underetasjen til Korttidsposten ligg Tvangsposten. Denne har fire døgnplassar for pasientar innlagde etter vedtak i Helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 og 10-3. Overordna mål med opphaldet er avrusing, stabilisering, samt å motivere og leggje til rette for vidare frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Behandlinga har både eit akutt perspektiv – å førebyggje alvorleg helseskade – og eit langsiktig mål om redusert rusmiddelbruk eller rusfridom. Det blir lagt vekt på individuell tilrettelegging, brukarmedverknad og tett samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar. Gravide med rusliding er òg ein del av pasientgruppa. 

RAK Korttidspost Martens har no følgande ledige stillingar:

70% fast stilling som nattevakt med arbeid kvar 4. helg. Langvakter fredag-søndag.
70% eitt års vikariat som nattevakt med arbeid kvar 4. helg. Langvakter fredag-søndag.
23,5% fast helgestilling som nattevakt med arbeid kvar 4. helg. Langvakter fredag-søndag.

NB! I søknadstekst ber vi om at det blir oppført ønska stilling ein søker på. 


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar og vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
  • Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver
  • Nattarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring med arbeid innan rus og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk er ein fordel
  • Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
  • Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Ha engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
  • Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå 
  • Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
  • Robust og god på avgjerder
  • Pedagogiske evner er ein føresetnad

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Vi arbeidar tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust 
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Langvakter kvar 4.helg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trudi Ulevik Davanger, Seksjonsleiar, 47999686, trudi.ulevik.davanger@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5124392983
Stillingsprosent: 70, 23,5%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Trudi Ulevik Davanger

Seksjonsleiar

47999686

trudi.ulevik.davanger@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6433cf3e-06dc-4e70-bd8c-007665d5287c

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cb76ab671e3a42358e9966fe04a325af

Lignende annonser

Laster lignende annonser