Trivast du med ein variert arbeidskvardag, har du god teknisk forståing og engasjement for eigedomsdrift?
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsoperatør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Stillinga som Driftsoperatør inngår i eit erfarent og tverrfagleg team der samarbeid på tvers av organisasjonen sine ulike fagområde står sentralt.
Som Driftsoperatør får du ei nøkkelrolle i å sikre god teknisk drift og vedlikehald av bygningane våre. Avdeling som arbeider for ei smartare og meir berekraftig drift, og du får ansvar for å følgje opp verdibevarande tiltak, og vere ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å finne gode, klima- og miljøvennlege løysingar. Dei tekniske ferdigheitene dine blir viktige i møte med stadig meir digitaliserte og tekniske bygg. I tillegg til å ta vare på bygningane våre, vil arbeidsdagane dine òg innebere kontakt med det mangfaldet av personar som nyttar bygga våre – alt frå leigetakarar, kollegaer og gjestearbeidarar til sjølvsagt kundane våre.
I vedlikehaldsavdelinga er vi i dag seks tilsette som driftar, yt service og driv vedlikehald av Ulstein Verft sitt produksjonsanlegg, samt ei bygningsmasse på 25 000 m². Ønskjer du å lære meir Ulstein Verft og ULSTEIN? Les meir om oss her: https://ulstein.com
Det viktigaste for oss er at du har motivasjon og lyst til å lære byggdrift-faget.
I søknaden vil vi gjerne at du får fram det du har av relevant erfaring, kompetanse og ikkje minst motivasjonen din for å jobbe som driftsoperatør.
Nokre av arbeidsoppgåvene dine vil vere
- Ansvar for internkontroll på bygg
- Drift og oppfølging av bygga sine tekniske installasjonar og SD-anlegg
- Utføring av førebyggjande og løpande vedlikehaldsoppgåver
- Oppfølging av serviceavtalar og sikre at periodisk service blir utført
- Energisparande tiltak
- Oppfølging av energiforbruk
- Sesongbasert utandørs drift, som stell av grøntområde om sommaren og oppfølging av snørydding om vinteren
- Avfallshandtering og kjeldesortering i samarbeid med leiar og organisasjonen
- Utføre diverse vedlikehald
- Praktisk bistand og tenesteleveransar til einingane ved behov
Kvalifikasjonane dine
- Fagbrev innan byggdrift eller andre relevante fagbrev (tømrar/elektrikar/røyrleggjar/ventilasjon/murar/betong eller liknande).
- Manglande fagbrev kan kompenserast med relevant praktisk og/eller teknisk erfaring
- Førarkort klasse B
- Det er ein fordel med erfaring og kompetanse innan bygningsdrift.
- Erfaring og kompetanse innan tekniske anlegg i bygg, er det ein fordelGod digital og teknisk forståing, og evne til å sjå nytta av digitale verktøy
- Du meistrar norsk og engelsk skriftleg og munnleg på eit nivå som sikrar forsvarleg utføring av arbeidsoppgåvene
Dette ser vi etter hos deg
Vi er opptekne av kva som skal til for at du både skal trivast og lukkast som driftsoperatør hos oss. Kvardagen er tidvis travel, og vi ser etter deg som likar å strukturere arbeidskvardagen, samstundes som du klarer å omstille deg og omprioritere ved behov. I rolla som driftsoperatør vert du ein representant for av Ulstein Verft utad. Vi legg difor vekt på evne til å yte god og rett service, tilpasse kommunikasjon etter situasjon, og møte alle med eit ope og inkluderande sinn. Du må evne både å arbeide både sjølvstendig og i team.Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag der du har stor påverknad på korleis dagane dine ser ut
- Fleksitidsordning
- Ein arbeidsplass som verdset nytenking og innovative idear frå dei tilsette
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern
- Eit tverrfagleg, multidisiplinært fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Konkurransedyktige lønsvilkår, ordna arbeidsforhold samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Øyvind Amdam, Facility Manager, 977 09 000Trond Are Strømsnes, Supervisor - Maintenance, 976 37 952
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 5075022148
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Trond Are Strømsnes
Supervisor - Maintenance
976 37 952
Øyvind Amdam
Facility Manager
977 09 000
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1704cd6-add5-43ee-b7ac-f95956c0e726
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b9d3ddcc2def416389296e7f462f61d9
Lignende annonser
Industrirørleggar
Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Sted
Ulsteinvik
Arbeidsleiar maritim elektro
Arbeidsgiver
Ulstein Elektro Installasjon AS
Sted
Ulsteinvik
Service Coordinator
Arbeidsgiver
Ulstein Power & Control AS
Sted
Ulsteinvik