Hopp til innhold

Fastlege vikariat

Arbeidsgiver

Helsetenesta i Bykle og Valle, Bykle

Sted

Sarvsvegen 31, 4754 Bykle

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Fastlege vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: fastlege, beredskapslegevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familietstøtte. Vi har tre Legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4,5 fastlegestillingar og 2 LIS1-stillingar. Legekontora har 3 sjukepleiarar kvar og er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og labratorium. Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle er varierte og spennande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen.

Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 3 timar reiseveg frå sjukehus og mange problemstillingar vert difor løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss. Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle helsehus. Vi er et helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe både på Hovden, i Bykle eller i Valle.

 

Er du lege og ønskjer å jobbe i vakre Setesdal?

Bykle og Valle kommune har eit godt etablert helsesamarbeid, og vi søkjer no ein engasjert fastlege til eit vikariat på legekontoret på Hovden. Stillinga er ledig frå 01.09.2026 og vikariatet varer til 31.08.2027, men vi er fleksible på både startdato og stoppdato. 

 


Arbeidsoppgaver

    • Varierande allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt
    • Moglegheit for beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1
    • Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til skadehandtering og liknande
    • Utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av eigne listepasientar
    • Koordinere helsetilbodet til pasientane opp mot andre tenester i primær- og spesialisthelsetenesta.

    Kvalifikasjoner

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Spesialistar, eller leger som har startet utdanningsforløpet i allmennmedisin oppfordres til å søke (kommunen er godkjent utdanningsvirksomhet og vil legge til for dette)
    • Me ynskjer røynsle frå kommunal fastlegeteneste og interesse for fagutvekling
    • God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg, samt grunnleggjande engelskkunnskapar
    • Førarkort klasse B
    • God digital kompetanse

    Personlige egenskaper

    • Stor interesse og engasjement 
    • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • Analytisk, strukturert, fleksibel og evne til å tenke heilskapleg
    • Handlekraftig og lojal
    • Oppteke av fagutveklig, endrings- og forbetringsarbeid
    • Systematisk og pålitelig arbeidsstil
    • God klinisk vurderingsevne
    • Du er parat til å dele din kunnskap med, og lære av andre
    • Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette
    Personlege eienskaper vil vert lagt vekt på

    Vi tilbyr

    • Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
    • Hektisk, spennande og utfordrande fastlege- og legevaktjobb
    • Gode samarbeidspartnarar
    • Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»
    • Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
    • Storbyliv tre timar køyreveg unna
    • Vi er behjelpelig med å skaffe bustad

    Andre opplysninger:

    • Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler
    • Krav om politiattest ved tilsetjing
    • Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju
    • Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
    • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
    • Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
      

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Severinsen, Kommuneoverlege, 90205152

    Arbeidsstad

    Sarvsvegen 31
    4754 BYKLE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Bykle

    Referansenr.: 5131441921
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 01.09.2026
    Sluttdato: 31.08.2027
    Søknadsfrist: 07.06.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Benedicte Severinsen

    Kommuneoverlege

    90205152

    Om bedriften

    Bykle kommune som arbeidsgjevar:

    • Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar 
    • Vi er ca. 190 tilsette
    • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
    • Vi er ei IA-bedrift

    Om Bykle:

    • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
    • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
    • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
    • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
    • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
    • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

    Avstandar:

    • Bykle - Kristiansand er 18 mil
    • Bykle - Oslo er 29 mil
    • Bykle - Stavanger er 33 mil
    • Bykle - Bergen er 35 mil

     

    Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
    Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

    Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. 
    Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.

    Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.

    Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d159989c-80b8-47d0-a5e5-01c3f0fbe234

    Sist endret

    21. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    967bf70f707346e187685dd36be92d02

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser