Hopp til innhold

Fjellgardane barnehage søkjer etter barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver

Barnehagane , Bykle

Sted

Skulevegen 31, 4755 Hovden i Setesdal

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 2. juli

Til barnehagen vår på Hovden treng vi ein barne- og ungdomsarbeidar i 100% vikariat frå 10.08.2026-31.07.2027

Barnehagane i Bykle er arbeidsplassar kor dagane preges av mykje lek, humor og glede. Du vil få ein innhaldsrik kvardag, der du gjer mykje av deg sjølv og dine kunnskapar. Barnehagen har stort fokus på vaksenrolla og fagleg utvikling.

Vi har auke i barnetal, som vi er stolte av i bygda, og treng fleire tilsette på laget vårt. 

Vi er mykje ute i flott norsk høgfjellsnatur, heile året. Vi har store uteområder og nyttar oss av gymsal, langrennsløyper, symjebasseng og anna kommunen har å tilby.

Hos oss ønskjer vi å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!

Løn etter kompetanse og  ihht einkvar tid gjeldande tariff.

Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
  • Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
  • Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
  • Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar
  • Vere ein god rollemodell
  • Fylje til einkvar tid gjeldande  lovar, forskriftar og planar for barnehage

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eventuell relevant erfaring med arbeid i barnehage
  • God på å byggje og ivareta relasjonar
  • Godt humør, fleksibel, engasjert, løsningsorientert og strukturert
  • Autoritativ vaksenstil, med evne til å skape gode interaksjonar
  • Grunnleggjande IKT kompetanse
  • Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål

Personlege eigenskapar

  • Du tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide
  • Du er raus, leiken og har humor
  • Du er god på å organisere, improvisere og finne gode løysingar
  • Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar
  • Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette
  • Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert
  • Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder
  • Jobben er perfekt for deg som liker å vere ute og er glad i ski- og friluftsaktivitetar

PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST

Vi tilbyr

  • Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
  • Fokus på fagleg utvikling
  • Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff 
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Kommunen har flyttegodtgjersle
  • Gode treningsområde inne og ute,  sommar som vinter
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til hytte ved sjøen om sommaren
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting
  • Bykle er ein distrikskommune og ein får etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i 1 år avskriving på studielån på kr 25 000,- per år

 

Andre opplysningar  

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Gyldig politiattest må fremsynas før tiltreiing
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
 
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Kontaktinformasjon

Caroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494

Arbeidssted

Skulevegen 31
4755 Hovden i Setesdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 5146771269
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 02.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Caroline Rysstad

Tjenesteleder

93421494

Om bedriften

Bykle kommune som arbeidsgjevar:

  • Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar 
  • Vi er ca. 190 tilsette
  • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle:

  • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
  • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
  • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
  • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
  • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
  • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

Avstandar:

  • Bykle - Kristiansand er 18 mil
  • Bykle - Oslo er 29 mil
  • Bykle - Stavanger er 33 mil
  • Bykle - Bergen er 35 mil

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9c0c9792-affe-4ee7-972c-55f66a746393

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3cb5427137d146cc894743d4135014b2

Lignende annonser

Laster lignende annonser