Hopp til innhold

Kulturskulelærar

Arbeidsgiver

Avdeling for kulturtenester, Nissedal kommune

Sted

Solås 2, 3855 Treungen

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Kulturskulelærar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 18%
Arbeidstid
Kveld, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 3. august

Nissedal kulturskule er ein liten, men populær kulturskule med fokus på speleglede, kreativitet og meistring. Me har undervisning i Fleirbrukshuset i Treungen, og ved behov også andre stader i kommunen.

Frå skuleåret 2026–2027 har vi ledig vikariat 18% kulturskulelærar i dans og eller teater

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver

  • Undervise i teater og/eller dans for grupper av elevar frå småskule til ungdomstrinn.
  • Gjere elevane klare og trygge til framsyningar, der elevane får vist fram kva dei har jobba med.
  • Skape eit godt og inkluderande miljø for dei som deltek
  • Skape meistring hos den einskilde elev

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som utøvande dansar eller skodespelar med utdanning frå høgskule/universitet
  • Lærarutdanning innanfor teater eller dans
  • Erfaring innan dans/teater
  • Pedagogisk utdanning eller erfaring med å rettleie born vert vektlagt
  • Fleksibilitet og stabilitet på jobb vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Har høgt fagleg nivå og god formidlingsevne
  • Er kreativ, fleksibel og samarbeidsvillig
  • Har god kontakt med born og unge
  • Er punktleg, stabil og pliktoppfølgande
  • Kan jobbe på ettermiddag/kveld

Vi tilbyr

  • Eit kreativt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Motiverte elevar og gode kollegaer
  • Gode arbeidsforhold og fleksibel arbeidstid
  • Løn etter gjeldande tariff og avtalar
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Espelid, Kultursjef

Arbeidsstad

Solås 2
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5125023583
Stillingsprosent: 18%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 14.06.2027
Søknadsfrist: 03.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Margrethe Espelid

Kultursjef

Om bedriften

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d13b5efb-88dc-497c-bf32-d6a20aa36970

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

57941f22589b48c4a711f98297290b85

Lignende annonser

Laster lignende annonser