Hopp til innhold

Sjukepleiar i fast stilling  

Arbeidsgiver

Heimetenesta Nordfjordeid, Stad kommune

Sted

Fossevegen 10, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Ledig stilling som sjukepleiar i Heimetenesta avd. Nordfjordeid
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste? Vi søkjer etter akkurat deg!

Heimetenesta har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i todelt turnus frå 01.04.2026 i avdeling Nordfjordeid. Ved arbeid i avdelinga vil turnusen din bestå av arbeid både i ambulerande heimeteneste og sjukepleiarfaglege tenester til bebuarar i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hjå oss der ingen dagar er like. Sjukepleiarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi , jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga. 


Kvifor velje oss?
Du får oppleve kor verdifullt det er å arbeide med heimebasert omsorg. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samstundes som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å bistå tenestemottakarar i bufelleskap. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar. Hos oss får du brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse brukast på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krever din faglige kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear verdsetjast .Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne. 

Du kan velje langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette. Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen, og gir dei tilsette komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar til å hente seg inn.

Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.

Er du i sluttfasen av sjukepleiestudiet? Start gjerne di utvikling som sjukepleiar hos oss. 


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Kartlegging og vurdering av behov for brukarar
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
  • Er du i sluttfase av sjukepleiarstudiet oppfodrar vi deg til å søkje!
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre

For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Kompetansetillegg (inntil kr. 28 000)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid
  • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan eller hjelpeturnusperiodar mot ekstra kompensasjon
  • Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Rekrutteringstillegg på kr. 30 000 over tariff

Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden. 

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Anne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar heimetenesta, 989 00 561, anne.dybedal.berteig@stad.kommune.no
Marthe Stave, Avdelingsleiar heimetenesta, 95999604, marthe.stave@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fossevegen 10
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5095324821
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Annette Hovden

Einingsleiar Heimetenesta

45 47 84 72

annette.hovden@stad.kommune.no

Marthe Stave

Avdelingsleiar heimetenesta

95999604

marthe.stave@stad.kommune.no

Anne Dybedal Berteig

Avdelingsleiar heimetenesta

989 00 561

anne.dybedal.berteig@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d0c0e8ed-7eb8-4838-a813-4589f24f87b4

Sist endret

25. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

45fdd00af23746908ddcab39a3c9adfe

Lignende annonser

Laster lignende annonser