HR-rådgivar/seniorrådgivar
Miljødirektoratet
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Om jobben
- Stillingstittel
- HR-rådgivar/seniorrådgivar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Om stillinga
Vil du bidra til at Miljødirektoratet når visjonen sin om eit reint og rikt miljø? I seksjon for HR og utvikling legg vi til rette for at leiarar og tilsette i Miljødirektoratet kan utføre oppdraget sitt på best mogleg måte. No søkjer vi ein kollega med god HR-fagleg kompetanse, og som særleg har solid erfaring med rekruttering.
Vi er 20 tilsette i seksjonen og har medarbeidarar både i Trondheim, Oslo og Svolvær. HR-seksjonen yt tenester til om lag 60 leiarar og over 800 medarbeidarar over heile landet.
Geografisk plassering for denne stillinga er Trondheim. Du vil bli ein del av arbeidsgruppa "Bemanning og rekruttering" og vi ser etter deg som har solid erfaring med rekrutteringsarbeid. Hos oss får du også bidra med vidareutvikling og forbetring av arbeidsprosessane våre. Du må trivast i rolla som sparringspartnar for leiarane våre og vere oppteke av kvalitet i arbeidet.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- bistand til leiarar i rekrutteringsprosessar frå A-Å
- bidra til utvikling og vedlikehald av rutinar, regelverk og system innan HR
- gi råd til leiarar i regelverk knytt til personaloppfølging
- bidra med andre oppgåver i HR-seksjonen etter behov, til dømes oppfølging av sykefråværssakar
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar- relevant utdanning, minimum på bachelornivå
- solid erfaring med rekrutteringsarbeid. Rekrutteringserfaring frå statleg sektor vil leggjast vekt på
- god kjennskap til statleg lov- og avtaleverk på HR-området
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god IT-forståing og erfaring med å jobbe i digitale HR-system. Erfaring med forbetring av arbeidsprosessar vil telje positivt.
- Du tek sjølvstendig ansvar for oppgåver og prosessar, og sikrar framdrift og progresjon.
- Du har god rolleforståing og er ein trygg og tydeleg HR-rådgivar.
- Du er nøyaktig og strukturert, og oppteken av kvalitet.
- Du kommuniserer tydeleg og evnar å skape opne og tillitvekkjande samarbeidsrelasjonar med kollegaer og leiarar.
- Du kan identifisere deg med Miljødirektoratets samfunnsoppdrag og verdiane våre – kunnskapsbasert, framtidsretta og tydeleg.
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit solid fagmiljø
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
- lønn som rådgivar/seniorrådgivar i spennet frå kr 600 000 – 900 000 etter erfaring og kvalifikasjonar
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er HR-sjef Kristin Grimstad på tlf. 469 33 280/ kristin.grimstad@miljodir.no ev. seniorrådgivar Gunn Hilde Garte, tlf. 477 51 389/ gunn.hilde.garte@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 49-2026 OHR når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Til denne stillinga ønskjer vi ikkje eit vanleg søknadsbrev, men du må svare på spørsmåla som kjem opp i Jobbnorge.
Vitnemål fra utdanning tatt i Noreg må du laste opp via Vitnemålsportalen. Legg ved relevante attestar og utdanning tatt i utlandet.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning.
Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 faste ansatte ved kontorene våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidsansatte rovviltkontakter spredd over hele landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgavene i Miljødirektoratet. Vi utvikler og følger opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analyser, overvåker og kartlegger arter, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparker og naturreservat. Noen oppgaver krever at ansatte med ulik fagkompetanse jobber sammen på tvers. På den måten sikrer vi størst mulig faglig tyngde i leveransene våre. Vi lærer av hverandre og utvikler oss internt. Andre arbeidsoppgaver krever selvstendig jobbing. For å løse samfunnsoppdraget vårt på best mulig måte har vi behov for medarbeidere i alle aldere, med ulike fagkombinasjoner, kompetanse, livserfaringer og perspektiver. Er du kvalifisert til en ledig stilling, så oppfordrer vi deg til å søke!
Se alle ledige stillinger i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d0645ea4-755f-404c-a0b7-91eb68edc431
- Sist endret
29. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10293784