Hopp til innhold

Radiograf

Arbeidsgiver

IDI - Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune

Sted

Årstadveien 19, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Radiograf
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då er TkVestland noko for deg!

Tannhelsetenesta i Vestland søkjer ein fagleg sterk og engasjert radiograf i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert som ei delt funksjon mellom TkVestland og den øvrige tannhelsetenesta i fylket.

Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å bidra til utviklinga av radiologiske tenester i eit stort og variert fagmiljø – og som blir motivert av å jobbe både klinisk, fagleg og systemretta.



Arbeidsoppgåver

Som radiograf hos oss vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og etterleving av strålevernlovgivinga i heile fylket. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte:

Røntgenopptak og pasientadministrasjon
• Utføre og kvalitetssikre CBCT- og OPG-undersøkingar
• Optimalisere protokollar og sikre diagnostisk biletkvalitet

Strålevern og internkontroll
• Ha rollen som strålevernkoordinator for Vestland tannhelseteneste
• Opplæring av tannhelsepersonell i strålevern og bruk av røntgenutstyr
• Oppfølging av utstyr, prosedyrar og dokumentasjon
• Samarbeid med strålevernkontaktar for å sikre etterleving av lovkrav


Fagutvikling og støtte til klinikkane
• Rettleiing og kompetanseheving i heile tannhelsetenesta
• Bidra til standardisering av rutinar og kvalitet på tvers av klinikkar
• Delta i utviklinga av radiologiske tenester ved TkVestland

Stillinga kan innebere noko reiseverksemd i fylket.

Kvalifikasjonar

• Bachelor i radiografi
• Erfaring med CBCT og/eller odontologisk radiologi er ein fordel
• God kjennskap til strålevern, kvalitetssikring og optimalisering
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og med høg fagleg presisjon

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
• Har eit sterkt fagleg engasjement
• Trivst med å undervise og rettleie andre
• ønskjer å bidra til utviklinga av ei teneste i vekst
• Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i tverrfaglege miljø
• Trivst i eit pulserande klinisk miljø der ein ofte må snu seg raskt og ta imot også akutte pasientar
• Er løysingsorientert og trygg i rolla
• Har personlege eigenskapar som gjer deg godt eigna til stillinga

Er du nyutdanna radiograf – det er òg heilt fint å søkje!

Vi tilbyr

• Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø
• Moglegheit til å påverke og utvikle radiologiske tenester i heile fylket
• Tett samarbeid med radiolog, strålevernkontaktar og spesialistmiljø
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling
• Løn etter avtale
• Ein fleksibel arbeidskvardag og eit inkluderande arbeidsmilj

Kontaktinformasjon

Marita Bjørkelund, Klinikkleder, 97592838, Marita.Bjorkelund@vlfk.no

Arbeidsstad

Årstadveien 19
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5113909748
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Marita Bjørkelund

Klinikkleder

97592838

Marita.Bjorkelund@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d0584bb0-a013-411e-9ca2-39d688578634

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5667f9b5f2654864a2edee8ee2c8ec5b

Lignende annonser

Laster lignende annonser