Kulturhusleiar
Samfunn, kultur og miljø
Gate 1 64, 6700 Måløy, Markegata 51, 6900 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturhusleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Kinn kommune søker etter kulturhusleiar i 100% fast stilling. Stillinga er organisert under Kulturtenesta med kultursjefen som nærmaste overordna. Kulturhusleiar vil vere avdelingsleiar for kulturhus/kino, og vil vere sidestilt med tre andre avdelingsleiarar på bibliotek, ungdom og frivilligheita.
Som kulturhusleiar vil du bli del av eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil få det daglege ansvaret for drift og utvikling av dei kommunale kulturhusa i kommunen. Dette inneber m.a. utleige/utlån av lokaler, programmering av forestillingar, kontraktsforhandlingar med leigetakarar, tilrettelegging for arrangørar/kulturlivet, økonomistyring, turnusarbeid og dagleg personalansvar for dei tilsette. Til avdelinga ligg også oppfølging av spelemiddelsøknader, organisering av brukarmøter med frivilligheita, sakshandsaming for politiske utval, råd m.v. Andre drifts- og utviklingsoppgåver kan kome til. Noko kveldsarbeid og reiseverksemd mellom Måløy og Florø vil måtte påreknast. Det er valfri kontorplass Måløy eller Florø.
Kulturtenesta har varierte arbeidsoppgåver med mange spennande faglege utfordringar. Godt samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av fagområda står sentralt i det daglege arbeidet. Tenesta har ansvar for forutan kulturhusa/kinoane også ansvar for fagområde som bibliotek, ungdomsklubbar, frivilligsentralar, utlånssentralar av idretts- og friluftsutstyr, Den kulturelle spaserstokken og - skulesekken, namnesaker, tilskotsordningar, kulturarv, investeringsprosjekt. Vi samarbeider breitt med andre kommunale tenester, andre offentlege instansar, frivillige lag og organisasjonar, det frie kunstfeltet, profesjonelle kulturinstitusjonar, kulturnæringsaktørar og tilgrensande fagfelt. Per i dag er vi 16 årsverk med rundt 30 tilsette fordelt på Florø og Måløy.
Arbeidsoppgåver
- driftsoppgåver med utleige/utlån, programmering, kontraktsforhandlingar
- utviklingsarbeid
- økonomi med budsjett og rekneskapsoppfølging
- personaloppfølging
- delta i arbeidet med investeringsprosjekt
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå, helst innan kulturfag og økonomi. Relevant praksis fra heile eller deler av ansvarsområdet til stillinga kan kompensere for utdanningskravet
- Gode IT-kunnskapar og erfaring med digitale system og løysingar
- Du beherskar norsk godt, både muntleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med tilrettelegging og dialog med kultur- og idrettsfrivilligheita er ønskjeleg
- Leiarerfaring er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
Du må ha høg integritet, vere analytisk og likar å løyse koplekse problemstillingar. Du likar å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må trivast med høgt arbeidstempo og takle endringar. Personleg eignaheit vil vektleggast.
Du er
- ein positiv og raus lagspelar
- utadvendt og serviceinnstilt
- ansvarsbevisst, utviklings- og løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- god til å planlegge og organisere arbeidet
Vi tilbyr
- Eit spennande, breitt og godt arbeidsmiljø
- Dekking av flytteutgifter etter kommunalt reglement
- Kommunal pensjons- og forsikringsordning
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Anita Solbakken, Kultursjef, +47 48243994Arbeidsstad
Markegata 516900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5037717982
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Anita Solbakken
Kultursjef
+47 48243994
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d0521bc5-3e64-4f09-91a4-c1c3dcb34d3a
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
597deae5360e41188e72a6ff938ddd1f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Sted
Stryn
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Sted
Måløy
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal