Kommunalsjef oppvekst og kultur
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. november
Om stillinga
Har du eit sterkt engasjement for å skapa gode oppvekstvilkår for barn og unge? Ser du kultur som ein viktig arena for samhald og verdi på tvers av mangfald og generasjonar? Då er det kanskje du som er den nye kommunalsjefen for oppvekst og kultur i Tysnes kommune.
Kommunalsjef oppvekst og kultur har ansvar for grunnskule, barnehage, vaksenopplæring, kulturskule, frivilligsentral, bibliotek, kultur, barnevern og PPT.
Me søkjer etter deg som ynskjer ein spennande toppleiarstilling i ein organisasjon i endring. Stillinga inngår i kommunedirektøren si strategiske leiing saman med kommunalsjef helse og omsorg, kommunalsjef teknisk og økonomisjef.
Tysnes kommune har nynorsk som tenestemål.
Kva stillinga går ut på
- Overordna ansvar for fagleg innhald, drift, resultat, økonomi og personal i sektoren
- Strategisk utvikling av sektoren med vekt på å skapa felles organisasjonskultur
- Medansvar for heilskapleg styring og utvikling av Tysnes kommune på tvers av sektorar
- Pådrivar for godt partssamarbeid
- Sakshandsaming og gjennomføring av politiske vedtak
- Representera kommunedirektøren i tenesteutvalet
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets- eller høgskuleutdanning og gjerne vidareutdanning innan leiing
- Leiarerfaring – gjerne frå oppvekstfeltet
- God økonomiforståing og erfaring med budsjettarbeid og ressurs- og økonomistyring
- Kjennskap til offentlege avgjerdsprosessar og samspelet med folkevalde
- Det er ønskjeleg med kjennskap til relevant lov- og avtaleverk for sektoren
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne, og god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- er tydeleg og strategisk
- er samarbeidsorientert og fleksibel
- er relasjonsbyggjar
- er nytenkande og utviklingsorientert
- er løysings- og resultatorientert
- har gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
- stor variasjon i arbeidsoppgåver og arbeidskvardag
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
- moglegheit til å jobbe i ein av Noregs vakraste kommunar, med eit aktivt næringsliv og engasjerte innbyggjarar
- oppstart etter avtale
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0806ead3-2cb7-44e1-9195-a7cd4749ce7b
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267328
Lignende annonser
Einingsleiar legekontor
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Undervisningsstilling
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal, Tysnes