Hopp til innhold

Tenesteleiar Miljøteneste Måløy

Arbeidsgiver

Kinn kommune

Sted

Gate 1 64, 6700 Måløy

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tenesteleiar Miljøteneste Måløy
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velfersdteknologi. Som tenesteleiar blir du del av eit leiarnettverk som blir leia av kommunalsjef Helse og velferd. I nettverket er det er totalt 16 tenesteleiarar og 1 rådgjevarar/ nestleiar som er ansvarleg for at kvaliteten på tenestane til brukarane er gode, og i samsvar med dei mål Kinn kommune har satt. 

Tenesta og dagsenteret har base på Vågsøy Omsorgssenter. Du får ansvar for Måløy Miljøteneste, avlastning til barn og unge og dagsenter for miljøtenesta i lag med avdelingsleiar. Tenesta har  dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna i alle stillingar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus.


Arbeidsoppgåver

Som tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i miljøtenesta og dagsenter for miljøtenensta. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du i samråd medarbeidarar har ansvar for at  kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.

Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
• Planlegging, kvalitet og fagutvikling
• Sakshandsaming
• Økonomi -budsjettstyring 
• Leiing og personalansvar

Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.

Kvalifikasjonar

3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag, 
Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing 
Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS, Framsikt og WebSak.

 Du må ha god økonomiforståing, og kunne styre etter tildelt ramme

Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid

Personlege eigenskapar

Er lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder

Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser

Kan jobbe sjølvstendig

Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek  ansvar og ansvarleggjer tilsette   

Vi tilbyr

Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre 

Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar

Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.

Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning

Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing

Systematisk etisk refleksjon for leiarar.

God pensjonsordning i KLP

Løn etter kompetanse

Kontaktinformasjon

Norunn Stavø, Kommunalsjef helse og velferd, +47 41536120, norunn.stavo@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Gate 1 64
6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5030283220
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025

Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ae53ea1b-665a-4c11-85d1-b4e15de78870

Sist endret

17. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

a054d6e5669946f5b98e037aefb3e525

Lignende annonser