Hopp til innhold

Sør-Fron skule søkjer miljøarbeidarar/fagarbeidarar/assistentar

Arbeidsgiver

Sør-Fron kommune

Sted

Glasmestermoen 8, 2647 Sør-Fron, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron

Om jobben

Stillingstittel
Sør-Fron skule søkjer miljøarbeidarar/fagarbeidarar/assistentar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Har du utdanning som miljøarbeidar eller fagarbeidar, eller erfaring som assistent i skulen? Ønskjer du deg ein plass i kollegiet ved Sør-Fron sin splitter nye barne- og ungdomsskule?

Med atterhald om innvilga permisjonar, oppseiingar eller andre endringar, kan det bli ledige stillingar ved Sør-Fron skule frå 1. august 2026.

Vi søkjer fortrinnsvis gode relasjonsbyggjarar med formell utdanning og erfaring frå grunnskulen. Tilsetjingsutvalet vil vurdere søkjarane opp mot behovet for særskild fagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av enkeltelevar/ mindre grupper med spesielle behov i skuletid og friminutt.
  • Følge opp enkeltelevar/ mindre grupper som har særskilt behov for tilrettelegging gjennom skuledagen.
  • Systematisk tilrettelegging for barn og ungdom med utfordrande åtferd.
  • Arbeid i SFO.

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn og ungdom med utfordrande åtferd.
  • Kompetanse og erfaring med barn og ungdom med høgt fråvær /skulevegring.
  • Kompetanse og erfaring med barn med utviklingsforstyrringar, ADHD, autismespekterforstyrringar o.l.
  • Erfaring med foreldresamarbeid.
  • Erfaring frå skule.

Personlege eigenskapar

  • Likar å jobbe med og kjem lett i kontakt med barn og ungdom.
  • God observasjonsevne.
  • Positivt elev- og menneskesyn, og gode samarbeidsevner.
  • Ansvarsbevisst, løysingsorientert og kan arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Pågangsmot, initiativrik og ønskjer å byggje gode relasjonar og eit godt miljø.
  • Positiv og med godt humør.
  • Evne til systematisk arbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

Du får ein unik moglegheit til å vere med å setje ditt preg på Sør-Fron si nye storstove, med:

  • Om lag 55 dyktige kollegaer.
  • I overkant av 300 forventningsfulle elevar.
  • Kulturhus/idrettshall, badeland og bemanna skulebibliotek.
  • Moglegheit for relevant kursing/vidareutdanning for fast tilsette.

Kontaktinformasjon

Dan-Håkon Fonstad, Rektor Sør-Fron skule, +47 48247994

Arbeidssted

Glasmestermoen 8
2647 Sør-fron

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune

Referansenr.: 5102923773
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Dan-Håkon Fonstad

Rektor Sør-Fron skule

+47 48247994

Om bedriften

Velkome åt Sør-Fron!

Vår visjon er «den grøne kulturbygda».

Sør -Fron er ei bygd med skaparkraft og hjarterom – ei trygg, inkluderande og innovativ kulturbygd med moglegheiter for alle. Trua på samhandling, likeverd og fellesskap skal vera førande for korleis vi løyser og utviklar oppgåvene våre saman.

Vi er om lag 400 tilsette som er stolte av å kunne levere gode tenester kvar dag til vel 3000 innbyggarar og fritidsinnbyggarar i Sør-Fron kommune.

Sør-Fron kommune skal vera inkluderande og mangfaldig, og våre tilsette skal spegle kommunen si befolkning. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Sør-Fron kommune legg vekt på å legge arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.

Offentleg søkarliste: 
Sør-Fron kommune praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Offentleg søkarliste vil normalt innehalde namn på samtlege søkarar. Det må ligge føre tungtvegande grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cff4df12-e559-4ed4-857d-f8c621390096

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2441c59744984c46a2826572f807cf10

Lignende annonser

Laster lignende annonser