Hopp til innhold

Fagarbeidar

Arbeidsgiver

Setesdal vidaregåande skule, avd. Hovden, Agder fylkeskommune

Sted

Rv9 230, 4755 Hovden i Setesdal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Ønskjer du å gjere ein skilnad? Vil du ha ein variert og spanande arbeidskvardag i eit aktivt miljø? Da bør du lese vidare. Det er fra 01.08.2026 ledig eitt års vikariat i inntil 100% stilling som fagarbeidar på avdelinga vår på Hovden. Arbeidet vil i stor grad vere knytta opp mot kvardagslivstrening, så fleire typar fagbrev kan vere aktuelle. Ved tilsetting vil personlege eigenskapar vektleggast. Vi tek atterhald om at stillinga kan falle bort som følge av eventuell overtaligheit i Agder fylkeskommune. 

Setesdal vidaregåande skule består av dei tre avdelingane Hornnes, Valle og Hovden. Visjonen vår er denne: "Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald", og skulen sine fokusområde er læringsmiljø, elevmedverknad og vurdering. På avdelinga på Hovden har vi utdanningstilbod innanfor studiespesialisering med bredde- og toppidrett, men vi har og elevar som treng ein meir tilpassa skulekvardag. 


Arbeidsoppgaver

  • Delta i arbeidet med tilrettelagt opplæring og spesialundervisning
  • Delta i arbeidet med elevane si trivsel og psykiske helse
  • Planlegge og gjennomføre undervisning i samarbeid med pedagogar
  • Arbeide målretta etter individuelle opplæringsplanar (IOP)
  • Følge elevar i ein aktiv skulekvardag

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget eller andre relevante fagområde
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne blant ungdom
  • Sertifikat klasse B
  • Fremvisning av politiattest er en forutsetning for ansettelse. Innhenting av politiattest for personalet i skolen reguleres i opplæringsloven § 10-9 og forskrift til opplæringsloven kapittel 15.

Personlige egenskaper

  • Du er strukturert og effektiv
  • Du likar både samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • Du er fleksibel og tar initiativ til oppgåver som må gjerast
  • Du har evne til å skape eit godt samarbeid og gode relasjonar mellom ungdom og vaksne
  • Du er god til å sjå den enkelte elev, og å legge til rette ut frå elevane sine evne og føresetnader

Vi tilbyr

  • Ein liten og oversiktleg skule med hyggelege elevar og kollegium
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Ein aktiv kvardag
  • Ein arbeidsplass med fokus på tillit, meistring og samarbeid
  • Tilsetting i tråd med gjeldande lovverk for Agder Fylkeskommune
  • God pensjonsordning i SPK. For mer informasjon om våre goder se www.agderfk.no/jobb
  • Vi følgjer elevane sitt skuleår med tilhøyrande feriar

Kontaktinformasjon

Berit Follerås, Avdelingsleder skole, +4791191672

Arbeidssted

Rv9 230
4755 Hovden i Setesdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Agder fylkeskommune

Referansenr.: 5111129923
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 27.04.2026

Om bedriften

I Agder fylkeskommune er vi over 3 000 ansatte som arbeider med videregående opplæring, høyere yrkesfaglig utdanning, tannhelse, samferdsel, fylkesveger, kollektivtransport, kultur og en rekke andre fagfelt. Sammen skal vi utvikle Agder til en miljømessig, sosialt og økonomisk bærekraftig region i 2030. Les mer om oss her

Alle som søker stillingen må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter.

Offentlig søkerliste utarbeides etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønsker å reservere deg fra oppføring på offentlig søkerliste må dette begrunnes. Du vil bli varslet om reservasjon ikke tas til følge.

Vi er sertifisert i Likestilt arbeidsliv. Det betyr at vi jobber systematisk for likestilling, mangfold og inkluderende arbeidsmiljø. Hos oss er det kompetanse og engasjement som teller - uavhengig av bakgrunn. Les mer her: Likestilt arbeidsliv - Agder fylkeskommune

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cfbd6f4e-5a8b-42c1-9c01-03ea5d0b781d

Sist endret

28. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1f0579e4283846daa575ac26f71f7d31

Lignende annonser

Laster lignende annonser