Helsefagarbeider - 18,98 -50,27 % helg
Heimetenesta øvre, Vinje kommune
Storegutvegen 217, 3895 Edland
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider 18,98-50,27%
- Oppstart
- 6. april 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 0%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Vil du ha ein meiningsfull jobb?
Me på Norheimstunet søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar. Me har ei fast helgestilling, og fleire vikariat både med og utan helg. Det er òg mogleg å kombinere stillingane med andre jobbar. Helgestillingane passar særleg godt for deg som vil jobbe ved sidan av studiar eller anna arbeid.
Norheimstunet er ein omsorgsbustad for personar med nedsett funksjonsevne. Her får bebuarane helse- og omsorgstenester ut frå eigne behov og vedtak. Me har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i turnus, og me samarbeider tett med lege og andre fagpersonar i kommunen. Tenestene våre omfattar òg heimebaserte tenester i Edland/Haukeli, inkludert områda Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Norheimstunet ligg sentralt i Haukeli, og er eit triveleg tun med 11 bustadar inne og 3 frittståande bustadar ute. Me er no i gang med ei større ombygging, og utvidar med seks nye bustadar som skal stå klare hausten 2026.
Frå 23.03.2026 til 21.03.2027 startar me med årsturnus, og me har no ledige faste stillingar og vikariat – nokre med moglegheit for fast tilsetjing seinare.
Ledige stillingar
- Fast 18,98 % helgestilling inne på omsorgssenteret, fjerdekvar helg (med ein langvakt per helg)
- Fast 22,56 % helgestilling inne på omsorgssenteret, tredjekvar helg
- Vikariat 50,27 %, inne på omsorgssenteret, tredjekvar helg. Varigheit: 23.03.26–31.12.26
Kvifor jobbe hos oss?
Me er ein blid og inkluderande gjeng som er opptatt av eit godt arbeidsmiljø. Me har brukarane i sentrum, og jobbar heile tida for å gjere tenestene våre endå betre. Hos oss skal både tilsette og brukarar bli sett og høyrt.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe bebuarar og heimebuande med pleie og omsorg, som personlig hygiene, påkledning og dagleg stell
- Utføre førebyggande og behandlande tiltak innanfor eigen kompetanse
- Støtte brukarar i å halde på funksjonane sine og oppleve meistring i kvardagen
- Hjelpe til med praktiske gjeremål, som måltid, forflytting og lettare husarbeid i heimen
- Dokumentere helsehjelp og endringar i helsetilstand i elektronisk pasientjournal
- Handtere og dele ut medisinar, og gi injeksjonar innanfor eigen kompetanse (krav om kurs i legemiddelhandtering)
Kvalifikasjonar
- Autoriasjon som helsefagarbeidar
- Relevant erfaring innan helse kan vege opp mot kravet om autorisasjon, dette vurderer me særskilt
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Grunna dokumentasjonsplikt blir det stilt krav til gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, minimum nivå B2. Dette må dokumenterarst ved behov
- Grunnleggande IT-ferdigheiter for dokumentasjon og bruk av journalsystem
Personlege eigenskapar
- Du er omsorgsfull og empatisk, og møter brukarane med respekt og varme
- Du er ansvarsbevisst og påliteleg, og jobbar strukturert med oppgåvene dine
- Du er stabil, held avtalar og følgjer arbeidsplan og arbeidstid
- Du er fleksibel og kan tilpasse deg endringar og ulike situasjonar
- Du er tolmodig og møter brukarar med ulike behov og tempo på ein god måte
- Du samarbeider godt og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Du kan ta initiativ og jobbe sjølvstendig innanfor eigen kompetanse
- Du kommuniserer klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg
Me vektlegg personleg eignahet
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet i tråd med lokal lønsstige
- Gode læringsmiljø med gode kollegaer
- Opplæring og rettleiing i tenesta
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Arnhild Romtveit, Avdelingsleiar, heimetenestene i øvre Vinje, +47 90042224Arbeidsstad
Storegutvegen 2173895 Edland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5096628962
Stillingsprosent: 0%
Anna
Startdato: 06.04.2026
Sluttdato: 21.03.2027
Søknadsfrist: 19.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Arnhild Romtveit
Avdelingsleiar, heimetenestene i øvre Vinje
+47 90042224
Om bedriften
Heimetenesta i Øvre omfattar Norheimstunet omsorgssenter, som er eit butilbod med tilrettelegging for personar som har nedsett funksjonsevne. Norheimstunet er eit triveleg tun, som ligg sentralt til i Haukeli. Omsorgssenteret har 11 bebuarrom inne på Norheimstunet som er døgnbemanna, samt 4 frittståande omsorgsbustader ute på tunet. Me er no i ein ombyggingsprosess, og den eine frittståande bustaden blir rive. Sommaren 2026 skal me ha fått 6 nye bustadar i eit tilbygg til Norheimstunet. Så antall bebuarrom blir 17.
Omsorgssenteret er base for alle heimebaserte tenester i Øvre Vinje, og heimehjelpstenesta i Øvre. Distriktet omfattar Edland, Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c3ad81ef-98c9-46ef-a5af-7bcec5db04dd
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b15252ea426b41eca621f22beffab722