Hopp til innhold

Ynskjer du å arbeida som badevert i Vossabadet?

Arbeidsgiver

Voss herad Vossabadet

Sted

Voss

Om jobben

Stillingstittel
Vossabadet søkjer badevert i 84 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 84%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 1. august

Informasjon om stillinga:

Vil du vere med på laget som gjer Vossabadet til ein trygg og kjekk stad for alle? Me leitar etter deg som er serviceinnstilt, trygg i vatnet, og glad i varierte arbeidsdagar – kort sagt, ein ekte badevert! Stillinga ligg til Vossabadet og Voss Idrettshall KF. Du vert ein del av ei aktiv, fleirspråkleg og kjekk gruppe med ansvar for å drifta Vossabadet, Voss Idrettshall og Utebassenget på Voss. Arbeidet er prega av ein flat struktur og at alle tilsette er involvert og medverkande til korleis me best kan løysa oppgåvene me gjer.

Som badevert hjå oss har du ei nøkkelrolle i å sørge for tryggleik, reinhald og ein positiv gjesteoppleving. Du vil jobbe med alt frå tradisjonell badevaktteneste og reinhald, til resepsjon og kaféarbeid. Me har eit engasjert team som gjev full opplæring innan livredning, reinhald og driftsrutinar. Har du òg til dømes ei interesse for tekniske anlegg, og/eller erfaring frå aktivitet/trening i vatn, som kan vera med å utvikla Vossabadet til ein flott stad å vitja for våre gjester, ja då vert me utruleg glad!

Me tilbyr:
  • Ein arbeidsgjevar som trur på at glade og nøgde tilsette gjev glade kundar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Full opplæring innan livredning/fyrstehjelp, reinhald og driftsrutinar
Arbeidsoppgåver og ansvar:
  • Overvake bassengområdet og sikre tryggleiken for våre badegjester. 
  • Bidra til reinhald og trivsel i anlegget – tryggleik startar med reinhald.
  • Levere strålande service i resepsjon og kafé. 
  • Delta i vedlikehald av eigne ferdigheiter, inkludert halvårleg livredningstest.

 Kva ser me etter?

  • Du har gode symjekunnskapar og kan dykke ned til 3,9 meter.
  • Du er ein positiv lagspelar som bidrar til godt arbeidsmiljø.
  • Du er ansvarsbevisst og handterer myndig situasjonar når det trengst.
  • Erfaring frå liknande arbeid eller interesse for aktivitet i vatn er eit pluss.

 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 Om arbeidsstaden:

Hausten 2017 opna Voss sitt nye symjeanlegg, Vossabadet. Me har mål om å skapa ein knakande kjekk arbeidsplass, og søkjer no etter DEG som kan vera med i gjengen av dyktige tilsette. Vossabadet er tufta på tre grunnsøyler; Tryggleik, Reinhald og Service. Skal du jobba hjå oss, må du forstå kvifor dette er viktig, og kunne leva opp til vårt slagord «Rein Glede».

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Daniel Fløysand

Dagleg leiar

+47 97797684

daniel@vossabadet.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cf6a953b-09b7-40b0-93f4-2c18495f076f

Sist endret

16. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3647293_235349_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser