Badevakt og billettør ved offentleg bad
Kvinnherad kommune Sektor oppvekst
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 15%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Ingen mulighet for hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Faste stillingar ved bassenga ved Undarheim, Rosendal og Hatlestrand, vikar ved Undarheim og Øyatun
Omtale av stillingane
Ved bassenga ved Undarheim, Rosendal og Hatlestrand er det ledig faste stillingar som badevakt og billettør. Stillingane medfører arbeid ettermiddag, helg og eventuelt ferie.
Me søkjer tilsette ved dei ulike bassenga:
Undarheim: symjehallen er ope i ein periode på 9 månader frå starten av september og ut mai. Det er offentleg bading tre dagar i veka i tillegg til helg, og nokre dagar i skuleferiane. Det er behov for badevakt til å jobbe kvar tysdag i tillegg til laurdag og søndag annakvar helg. Det er behov for éi badevakt med stillingsprosent 15,23 %. Sjå også om ferievikariat i siste avsnitt. Ta kontakt dersom de ønskjer meir detaljar.
Rosendal: symjehallen er ope i ein periode på 8 månader frå midten av september til midten av mai. Det er offentleg bading tre dagar i veka men det er behov for badevakt for å ha ope også laurdag og søndag. Dersom ein vil jobbe i skulen sin haustferie, juleferie og vinterferie kan symjebassenget ha ope nokre dagar i feriane også. Det er behov for to badevakter der stillingsprosent blir rundt 17 % på kvar, avhengig av omfang. Ta kontakt dersom de ønskjer meir detaljar.
Hatlestrand: symjehallen er ope i ein periode på 8 månader frå midten av september til midten av mai. Det er offentleg bading éin dag i veka, men behov for meir personell for å ha ope helg og ferie i tillegg. Her er det behov for to badevakter med 3,15 % stilling kvar. Ta kontakt dersom de ønskjer meir detaljar.
Det vil vere mogleg å kombinere stillingane ved Hatlestrand og Rosendal. Dersom ein ønskjer å arbeide i begge bassenga ber vi om at de opplyser om det i søknaden.
Me ser etter deg som ikkje har full stilling frå før i kommunen og ynskjer auke i stillinga di. Eller etter deg som kanskje er student og ynskjer ein deltidsjobb som du kan kombinera med studiene dine.
Ved bassenga ved Undarheim og Øyatun er det også behov for ringevikarar. Ved Undarheim er det også behov for 2 ferievikariat som gjeld dagar i haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie. Dette kan eventuelt inkluderast i den faste stillinga.
Vi ønsker følgjande kvalifikasjonar
Søkjar må ha livredningskurs og badevakt grunnkurs.
Ved manglande kvalifikasjonar kan arbeidsgjevar vera behjelpeleg med kurs.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Kontaktperson
Undarheim basseng – Beret Sirma-Tellefsen Hveem, mobil: 488 61 998
Rosendal basseng – Rune Melheim, mobil: 416 16 152
Hatlestrand basseng - Lilli Britt Urheim, mobil: 924 44 514
Øyatun basseng – Hege Mehammer Tofte, mobil: 901 24 018
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aaec99b6-ef61-4ccf-936c-1bb70315ae5c
- Sist endret
25. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3641369_226017_nn