Hopp til innhold

Fagleiar i heimetenesta

Arbeidsgiver

Stranda kommune

Sted

Nymarkvegen 58, 6200 Stranda

Om jobben

Oppstart
4. januar 2027
Stillingstittel
Fagleiar i heimetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 29. oktober

Brenn du for fagutvikling og lagspel? Bli vår nye fagleiar i heimetenesta!
Er du sjukepleiaren som alltid ser etter dei beste løysingane? Vil du vere med på å forme framtidas heimeteneste, der kvalitet, meistring og tryggleik står i fokus? Då har vi jobben for deg! Du er ein fagleg trygg sjukepleiar med eit brennande engasjement for eldreomsorg og primærhelsetenesta. Du blir motivert av å sjå andre lukkast, og du har evna til å nytte nasjonale retningslinjer i praksis. Du likar å halde deg oppdatert på fagfeltet, enten det gjeld demensomsorg, velferdsteknologi, pasienttryggleik eller kliniske prosedyrar.

Vi trur på kontinuerleg forbetring, tverrfagleg samarbeid og å gjere kvarandre gode gjennom erfaringsdeling og ein godt samarbeid i kvardagen.

Stranda distrikt, avdeling heimetenesta tilbyr eit breitt spekter av tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar og med ulike behov. Målet vårt er å medverke til at brukarane våre kan bu trygt heime og meistre eigen kvardag så lenge som mogleg.

Heimetenesta i Stranda distrikt er organisert i to soner og har eit sterkt fagmiljø med ei engasjert gruppe som samarbeider tett om å gi gode og heilskaplege tenester. Vi yter tenester til brukarar som bur i eigen heim, i omsorgsbustader utan fast bemanning, og i bustader med døgnbemanning.
Vi har eit nært samarbeid med sjukeheimen i kommunen. I tillegg samarbeider vi tett med fysioterapeut, ergoterapeut og hjelpemiddelansvarleg for å sikre heilskaplege, tverrfaglege og koordinerte tenester til brukarane våre.
Som fagleg leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenestene våre. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for avdelingsleiar, ein fagleg ressurs for medarbeidarane og ein pådrivar for kvalitet, utvikling og gode pasientforløp.



Arbeidsoppgåver

Drift, koordinering og innovasjon
· Bidra til organisering og koordinering av den daglege drifta i heimetenesta.
· Utarbeide og følgje opp arbeidslister og ressursplanlegging i samarbeid med avdelingsleiar.
· Sikre god informasjonsflyt og samhandling mellom medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
· Bidra til hensiktsmessig prioritering av oppgåver og ressursar i den daglege tenesta.
· Medverke til innføring og vidareutvikling av velferdsteknologi.
· Delta i utvikling av framtidsretta arbeidsmetodar og tenester.

Dokumentasjon og pasientoppfølging
· Sikre god kvalitet i dokumentasjon og pasientjournalføring i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer.
· Ansvarleg for at pasientjournalar er oppdaterte, fagleg relevante og gir grunnlag for forsvarlege tenester.
· Bidra til systematisk oppfølging av vedtak, tiltak og pasientforløp.
· Rettleie medarbeidarar i dokumentasjonsarbeid og bruk av journalsystem.
· Koordinere samarbeid med fastlegar, sjukehus og andre kommunale instansar i samarbeid med sjukepleiarane ved avdelinga.
· Bidra til heilskaplege pasientforløp og god samhandling på tvers av tenester.

Rettleiar og inspirator
· Rettleie og undervise kollegaer i kliniske kvardagssituasjonar.
· Planlegge og gjennomføre internundervisning og faglege kompetansetiltak, i samarbeid med avdelingsleiar.
· Vere ein fagleg støttespelar for medarbeidarar i krevjande og komplekse pasientsituasjonar.

Fagutvikling innan prioriterte område
· Bidra til tidleg kartlegging, oppfølging og tilrettelegging for personar med kognitiv svikt og demenssjukdom.
· Styrke fokus på meistring, eigenomsorg og rehabiliterande arbeidsmetodar i tråd med prinsippa for kvardagsrehabilitering.
· Bidra med avansert klinisk vurderingskompetanse i oppfølging av brukarar med samansette og komplekse helseutfordringar.

Kvalifikasjonar

· Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
· Vidareutdanning innan avansert klinisk sjukepleie (AKS) er ønskjeleg. Annan relevant kompetanse vert vurdert.
· Kompetanse eller erfaring innan demensomsorg, kvardagsrehabilitering og rehabiliterande arbeidsmetodar er ønskjeleg.
· Erfaring med undervisning, rettleiing og kompetanseutvikling av medarbeidarar er ein fordel.
· God digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
· Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
· Førarkort klasse B.
· Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
· Er fagleg engasjert og utviklingsorientert.
· Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø.
· Er strukturert og løysingsorientert.
· Er trygg i rolla som rettleiar og fagperson.
· Er tolmodig, empatisk og viser respekt for brukarane og pårørande sine ønskje og behov.
· Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Eit sterkt fagmiljø
Du blir ein del av eit engasjert og tverrfagleg team med høg kompetanse og stor vilje til samarbeid.
Gode utviklingsmoglegheiter
Vi legg til rette for vidareutdanning, kurs og fagleg utvikling.
Konkurransedyktige vilkår
· Løn etter kvalifikasjonar og avtaleverk.
· Offentleg tenestepensjon i KLP.
· Gode forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180

Arbeidsstad

Nymarkvegen 58
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5195120542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 29.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Liv Skarbø Gjærde

Eininingsleiar

+47 46411180

Om bedriften

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cef17cc0-f560-4eba-8c8f-4b1858ddb528

Sist endret

14. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6718d7ee0bf64142a2e911986a5ce6fa

Lignende annonser

Laster lignende annonser