Hopp til innhold

Avdelingsleiar 100%

Arbeidsgiver

Buteneste nordre, Ålesund kommune

Sted

Steinholtvegen 9, 6240 Ørskog

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleder 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Vil du vere med og byggje morgondagens tenester – og leie eit team frå start?

Er du ein engasjert og framtidsretta leiar som blir motivert av å byggje team, utvikle fagmiljø og skape tenester med høg kvalitet? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!
Boteneste Nordre har ei stor avdeling på Ørskog som gir tenester til personar med utviklingshemming. Avdelinga har vakse i omfang og skal no delast i to. I samband med dette søkjer vi etter ny avdelingsleiar.
Du får ei spennande moglegheit til å vere med heilt frå starten når vi etablerer eit nytt team på Hallvarmarka innan Tvungen Omsorg. Her får du ei sentral rolle i å byggje opp eit nytt fagmiljø, samstundes som du skal vere med på å vidareutvikle eksisterande tenester og team.

Vi etablerer eit nytt team med 3:1-bemanning, samstundes som to eksisterande team med 2:1-bemanning skal vidareutviklast. Turnusen for det nye teamet med 3:1-bemanning vil vere ein kombinasjon av medleverturnus og langvakter.
I arbeidet får du eit tett samarbeid med St. Olavs hospital, Fagenheten for tvungen omsorg, som har det faglege ansvaret for 3:1-tiltaket og skal bidra med rettleiing av personalet. Dette gir deg som leiar ei unik moglegheit til å vere med på å utvikle eit sterkt og kompetent fagmiljø rundt ei krevjande og viktig teneste.
Vi ser etter deg som vil vere med frå starten

Ålesund kommune arbeider etter rettleiaren «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming» og er i gang med implementering av positiv åtferdsstøtte (PAS).
Vi ønskjer ein leiar som ser verdien av persontilpassa tenester, sjølvbestemming, inkludering og høg fagleg kvalitet – og som ønskjer å omsetje desse verdiane til praksis i kvardagen.
Vil du vere med og byggje eit nytt team, utvikle fagmiljøet og setje retning for morgondagens tenester?

Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Som ein del av rekrutteringsprosessen vil aktuelle kandidatar bli inviterast til å gjennomføre evne- og personlighetstester.


Arbeidsoppgåver

  • Sikre at tjenestemottakerane får individuelt tilpassa tenester som fremjar sjølvbestemming, deltaking, livskvalitet og gode kvardagsliv.
  • Leie og vidareutvikle tenestene i Botjeneste Nordre, avdeling Ørskog.
  • Ha ei sentral rolle i planlegging, etablering og oppstart av tiltaket rundt tvungen omsorg.
  • Byggje fagkultur og arbeidsmiljø prega av respekt, samarbeid, læring og kontinuerleg forbetring.
  • Rekruttere, utvikle og følgje opp medarbeidarar og fagpersonar.
  • Gi fagleg rettleiing og legge til rette for kompetanseutvikling.
  • Bidra til implementering av PAS og andre kunnskapsbaserte metodar innan tenestene.
  • Vere ansvarleg for delegerte oppgåver innan personalleiing, turnus, økonomi og dagleg drift.
  • Leie arbeidet med førebygging av tvang og makt og sikre forsvarleg oppfølging etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Vere pådrivar for bruk av velferdsteknologi og innovative løysingar.
  • Samarbeide tett med bebuarar, pårørande, verjer og relevante samarbeidspartnarar.
  • Vere med på å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar/sykepleier er ønskjeleg og vil bli tillagt særleg vekt.
  • Andre relevante bachelorutdanningar innan helse- og sosialfag kan vurderast.
  • Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt er det ei forventning om at den som vert tilsett i stillinga
    gjennomfører slik vidareutdanning.
  • Erfaring frå arbeid innen psykiatri er ønskjeleg.
  • Erfaring med leiing, fagutvikling eller koordinering er ønskjeleg.
  • Kunnskap om PAS, målretta miljøarbeid og personorienterte tenester er ein fordel.
  • Erfaring frå arbeid etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ønskjeleg.
  • God digital kompetanse.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar.
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).

Personlege eigenskapar

  • Vere ein trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement.
  • Du motiverast av utviklingsarbeid og moglegheita til å byggje noko nytt.
  • Evne til å gjennomføe og trivst med både strategiske og operative oppgåver.
  • Du ser verdien av medarbeidarskap og involvering.
  • Strukturert, fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig.
  • Tek ansvar for kvalitet og resultat.
  • Gode relasjonelle ferdigheiter og kommuniserer godt med bebuarar, pårørande og medarbeidarar.
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei unik mogelegheit til å etablere og utvikle eit nytt bufellesskap med høge faglege ambisjonar.
  • Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas tenester for personar med utviklingshemming i Ålesund kommune.
  • Deltaging i implementering av PAS og vidare utvikling av kunnskapsbaserte tenester.
  • Eit inkluderande og støttande leiarmiljø.
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver.
  • Vi vil tilby eit støttande og engsjert kollegialt team.
  • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff for leiarstillingar.
  • Pensjonsordning i henhold til tariff.
  • Bedriftshelsetjeneste.
  • IA bedrift.
  • Gratis parkering.
 

Kontaktinformasjon

Silje F. Midthjell, Avdelingsleder, 951 47 889, Silje.Midthjell@alesund.kommune.no
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, eirik.froystad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Steinholtvegen 9
6240 Ørskog

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5197699135
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Eirik Frøystad

Verksemdsleiar

416 25 242

eirik.froystad@alesund.kommune.no

Silje F. Midthjell

Avdelingsleder

951 47 889

Silje.Midthjell@alesund.kommune.no

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere 

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. 

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.  
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. 
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.  

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

61c7312f-2f0d-4fa2-b5e7-28328a4a5296

Sist endret

23. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

616ebebfa11c457f9400308aa2014013

Lignende annonser

Laster lignende annonser