Hopp til innhold

Fast 100 % Serviceteknikar Hjelpemiddellageret

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Aktivitet og rehabilitering

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Serviceteknikar Hjelpemiddellageret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. mars

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune søkjer etter servicetekniker til Hjelpemiddellageret. Oppstart etter avtale helst innan mai 2026.

Som serviceteknikar tek du del i hjelpemiddelformidling lokalt og bidreg til at innbyggjarar i alle aldrar kan meistre kvardagen sin betre. Du vert del av eit lite arbeidsmiljø med tett samarbeid med ergo- og fysioterapitenesta.

Ein typisk arbeidsdag består vanlegvis i utkøyring og montering av hjelpemidlar, mindre reperasjonar, utpakking av innkomne varer, reinhald av hjelpemiddel og liknande. Likar du å vere i aktivitet, kome i kontakt med menneske og ha varierte arbeidsdagar passar dette godt for deg!

For å nå fram i vår langstrakte kommune vert det ein god del timar i bil,  så trivst du med å køyre bil kan det vere ein fordel. Samtidig treng me deg med god fysisk helse då det er ein del bæring og flytting av hjelpemidlar inn og ut av bustader kringom i kommunen. Ein bakgrunn eller interesse innanfor praktiske område som mekanisk arbeid, småreperasjonar og teknisk innsikt er ein fordel.  

Oppmøtestad per i dag er Dimmelsvik. Arbeidstid er kl. 0800-1530.

 

Arbeidsoppgåver 

  • Utkøyring, montering og service/reparasjonar av hjelpemiddel 
  • Reinhald av hjelpemiddel
  • Halde lageret ryddig og organisert
  • Samarbeid og kommunikasjon med kollegaer og innbyggjarar

 

Kvalifikasjonar og erfaring
  • Fagbrev innan relevant fagområde som mekanikk og liknande. Lang erfaring innan aktuelle tenesteområde kan erstatte formell utdanning.
  • God fysisk helse
  • Førarkort klasse B, fordel med BE
  • Godt norsk språk

 

Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre
  • Likar å gjere nye oppgåver, er fleksibel og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Serviceorientert
  • Ryddig og strukturert
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Geir Ove Fosse

+47 90694791

geir.ove.fosse@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har vel 13.000 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ceefab8a-9ea9-452f-b9a3-1f93f77f7297

Sist endret

10. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3604631_225963_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser