Rådgjevar data og digitalisering
Infratruktur og veg - Vegdata, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar vegdata og digitalisering
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. juni
Vestland fylkeskommune søkjer ein analytisk og engasjert rådgjevar innan data og digitalisering. I denne rolla vil du arbeide med å utvikle og bruke datagrunnlag som støttar gode prioriteringar innan drift, vedlikehald og utvikling av fylkesvegnettet.
Vi har store mengder data frå kartleggingar, inspeksjonar og digitale fagsystem. Som rådgjevar vil du bidra til å strukturere, analysere og vidareutvikle bruken av desse dataane slik at dei gir betre grunnlag for planlegging og beslutningar.
Du vil samarbeide tett med fagmiljø innan vegforvaltning, vegplanlegging, analyse og digitalisering, og bidra til å vidareutvikle ei meir kunnskapsbasert forvaltning av fylkesvegane i Vestland.
Arbeidsstad vil primært vere Bergen men Leikanger eller Voss kan òg vere aktuelle.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna arbeide med å- analysere og samanstille data frå ulike kartleggingar og fagsystem
- utvikle kunnskapsgrunnlag for prioritering av drift, vedlikehald og investeringar
- bidra til meir datadriven planlegging av tiltak på fylkesvegnettet
- utvikle og forbetre metodar for bruk av data i planlegging og forvaltning
- bidra i arbeid med datakvalitet og strukturering av datagrunnlag
- samarbeide tett med fagmiljø innan vegforvaltning, vegplanlegging og digitalisering
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:- relevant høgare utdanning, til dømes innan IT eller ingeniørfag eller liknande
- kjennskap til system innafor GIS eller BIM er ein fordel
- erfaring og interesse for analyse og bruk av data i planlegging og beslutningar
- interesse for digitalisering av arbeidsprosessar og bruk av data i offentleg forvaltning
- god kjennskap til programmering
- erfaring med analyse av større datagrunnlag
- kjennskap til datagrunnlag knytt til infrastruktur eller transport
- erfaring med analyseverktøy eller arbeid med geografiske data
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi ser etter deg som
- er analytisk og strukturert
- evnar å omsetje data til forståeleg beslutningsgrunnlag
- har interesse for utvikling av nye arbeidsmåtar og digitale løysingar
- samarbeider godt i tverrfaglege miljø
Vi tilbyr
Hjå oss får du:- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Jan Ove Stadheim, leiar, 99519864Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5133076109
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Jan Ove Stadheim
leiar
99519864
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ceb97baa-b8e8-4d6a-b20a-797b504b05ae
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d1c63dba828549df98ac4e1daf1c7c3d