Hopp til innhold

Sundheimen

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Sundheimen

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 60% og 80% fast stilling , natt
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på natt ?

Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!

Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til.

Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Fire av 20 omsorgssbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politisk vedtak på at fleire omsorgsbustader blir knytt til. Sundheimen og omsorgbustadane har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Vi har no ledig 2 stillingar, ei 60% fast stilling, (inntil 80% vert vurdert) og ei 80% stilling på natt 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
  • Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar på natt.
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Handtere velferdsteknologiske løysningar
  • Lettare Laboratorie-arbeid

 Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Vernepleiar med autorisasjon kan verta vurdert til stillinga
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse  

 Eigenskapar:

  • Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Personleg eignaheit blir vektlagt 

  Anna :

  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35000,- pr år over tariff
  • Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25000,- pr.år over tariff
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr. 40000,- (justert etter stillings% )
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helgar pr.år
  • Stillinga er ledig frå snarast 

Vi tilbyr:

  • Mentorordning satt i system
  • Sjukepleiefaglege utfordringar
  • Spennande og varierte kvardager
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Gratis parkering og det er mogleg å lade
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 
Kontakt:

        Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569

janne.thode@oygarden.kommune.no

        Avdelingsleiar : Glenn Bjærum. 56160400/ 90076122

glenn.bjarum@oygarden.kommune.no

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ce9711bb-d8af-4052-8e43-831088adf940

Sist endret

18. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3565995_194033_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser