Matros i sambandet Hufthamar-Krokeide1:2 turnus
Fjord1 AS
Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Matros i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. juni
Fjord1 har no ledig eit vikariat som matros i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. traffikert av vår flotte elektriske ferge MF Horgefjord.
Stillinga er eit 12-månaders vikariat med gode moglegheiter for fast tilsetjing. Arbeidsordninga er 1 veke på og 2 veker fri. Dersom det er behov, er det mogleg å bu om bord i arbeidsperioden.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Reisetida frå Bergen til Krokeide er om lag 30 minutt - enkelt og tilgjengeleg.
Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Ansettes fortløpende!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Nok fartstid til å mønstre matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysningsorientert matros som trivast med å jobbe i team, og setter sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskapar. Om dette beskriver deg som person, tek vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk sjømannsforbund
- Skiftordning:1 veke på og 2 veker av.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Treningsmoglegheiter ombord.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5139690768
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cdb3fc96-8ac4-49db-9ec0-54c05089ca4f
- Sist endret
3. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3bcbadaf4a8d4a098e606d8df867b482