Matros Leirvåg-Sløvåg
Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv57, 5953 Fonnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Matros i sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. juni
Vi søker no to matroser til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord 1 døgn og har fri 1 døgn i 3 veker. Deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Nok fartstid til å mønstre matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk sjømannsforbund
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
Fv575953 Fonnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5139713539
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ca7c33e8-cb3d-452f-8db3-fbec4d3b91e5
- Sist endret
3. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b27d1a42a5854513ac7bb2d0f210eb58