Studiesjukepleiar
Seksjon for forskning og utdanning, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Studiesjukepleiar
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 26. mai
Klinisk forskingspost (KF) HMR, Hjelset søkjer ein engasjert og fagleg sterk studiesjukepleiar.
Posten vart etablert i april 2025 og er i ein spennande vekstfase med stadig fleire kliniske studiar. Som studiesjukepleiar vil du spele ei nøkkelrolle i gjennomføringa av pasientnær forsking, og vere eit viktig bindeledd mellom pasient, prosjektleiar og øvrig studiepersonell. Du vil arbeide i eit lite, tverrfagleg team der du får stor fagleg breidde og høve til å utvikle deg som spesialist innan kliniske studiar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og avslutting av kliniske studiar
- Koordinering av studieprosedyrar i samarbeid med prosjektleiar, andre avdelingar, helseindustri, studiemonitor og transportør av prøver
- Oppfølging av studiepasientar – gi behandling og fungere som bindeledd mellom pasient og prosjektleiar (lege)
- Utføring av studiespesifikke oppgåver, mellom anna opplæring, logistikk og handtering av studieutstyr, dokumentasjon og registrering i nettbaserte system, samt førearbeid med biologisk materiale
- Arbeid på ulike lokasjonar ved behov
- Aktiv deltaking i eigen fagleg utvikling som studiesjukepleiar
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og effektiv oppgåteflyt i eit lite tverrfagleg team
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Minimum fem års klinisk erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Relevant erfaring med kliniske studiar
- Gjennomført GCP-kurs (Good Clinical Practice) – kan takast i etterkant
- Gjennomført nasjonalt kurs for studiesjukepleiar – kan takast i etterkant
Personlege eigenskapar
- Du har solid fagleg kompetanse med forståing for kvifor kliniske studiar skal prioriterast
- Du er løysingsorientert, med evne til å handtere endringar og sikre god samhandling mellom kliniske studiar og klinikk
- Du er fleksibel – handterer nye og uventa oppgåver
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø i eit lite, tverrfagleg team
- Du har sterke kommunikasjonsevner – klart og tydeleg språk, både munnleg og skriftleg, tilpassa pasientar og kollegaer
- Du er ansvarsfull og påliteleg – tek ansvar, følgjer opp og leverer som avtalt
- Du er tilpassingsdyktig i skiftande situasjonar
- Du tek initiativ og ser raskt alternative løysingar for optimal flyt
- Du evnar å arbeide sjølvstendig, mellom anna ved å setje seg inn i og forstå studieprotokollar
- Du har empati og respekt i møte med pasientar, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du er sterkt engasjement for å utvikle kliniske studiar som helsetilbod ved HMR
- Du har eit ønske om å utvikle eigen kompetanse innan kliniske studiar
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling som gir fagleg utvikling i eit veksande forskingsmiljø
- Høve til å vere med og forme Klinisk forskingspost HMR på Hjelset i ein viktig etableringsfase
- Varierte arbeidsoppgåver i eit lite, tverrfagleg team med stort fagleg engasjement
- Tett samarbeid med legar, forskarar og studiepersonell på tvers av lokasjonar
- Konkurransedyktige vilkår etter HMR sitt lønsregulativ
- Gode høve for fagleg utvikling, inkludert GCP-kurs og nasjonalt kurs for studiesjukepleiarar
- Finansiering gjennom øyremerkte forskingsmidlar – ei trygg og føreseieleg ramme i 2 år, med moglegheit for forlenging
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Endre Grøvik, Forsknings- og utdanningssjef, endre.grovik@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5114491488
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 26.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd9059c2-9aad-40b2-b2a7-f77495ca33a0
- Sist endret
13. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e876a6992a464329aac3d727cab6a993