Sjukepleiar
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar? Kanskje ønsker du å videreutdanne deg i eit av våre fagfelt?
Vi har ledig stilling til deg på vårt nye, topp moderne sjukehus på Hjelset, og vi vil gjerne ha deg med på laget!
Vi har 3 ledige 100% stillinger der vi legg til rette for vidareutdanning i hjerte, infeksjon og geriatri.
Sengepost Medisin 3 SNR har 25 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta, og fagdag for alle tilsette i turnus. Vi ønsker å auke kompetansen i seksjonen med tre spesialsykepleiere.
Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogeleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.
Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda hos oss er stor. Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.
Vi jobbar saman i team, og vi samarbeidar med fleire faggrupper gjennom dagen. Helsefagarbeidarar får tildelt relevante arbeidsoppgåver etter å ha gjennomført opplæring, dette avlastar sjukepleiarane i ein hektisk kvardag.
Vi legg tilrette for fleksible turnusordningar der ein kan velge å jobbe lange vakter, med arbeid kvar fjerde helg.
Høyrast dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta kontakt om det er noko du lurer på!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samhandling med kommunehelsetenesta
- Delta i forbetringsarbeid og kompetanseheving
Kvalifikasjonar
- Offentlig godkjenning som sjukepleiar
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleder, +47 45761661, Katrine.Dalstein.Myrvang@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5113408021
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.04.2026
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
88d7337e-c2e1-4276-b1f5-d117e82df68e
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a43e925cb9fa4700a75dc6aa428095b3