Vil du bidra til at ingen står utan regnbukse når regnet kjem?
Kattnakken AS
Vabakkjen 6, 5411 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Innkjøpsansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
Kattnakken er ikkje som andre klesmerke. Me er ein fargerik vestlandssuksess – bygd på regntøy som verkeleg held mål, og ein filosofi om at me skal ut, uansett vêr. Me lagar vasstett kvalitetsregntøy for born og vaksne, som tåler brutalt vêr, fordi me drøymer om at fleire skal bli glade i regnet.
Frå små butikkhyller på Stord har me vokse til ein sterk nettbutikk og over 150 forhandlarar over heile landet. No riggar me oss for vidare vekst – og søker ein innkjøpar som vil ta ansvar for god vareflyt, høg kvalitet og berekraft i verdikjeda vår.
Stillinga som innkjøpar er ny hos oss, og du vil få ein nøkkelrolle i å sikra at rett produkt kjem på rett plass til rett tid – tilpassa årstid, vêr og etterspurnad. Regntøy har lang produksjonstid, og salet svingar med vêret. Når me samstundes er i sterk vekst, treng me deg som trivst med planlegging, analysar og tett samarbeid med design, marknad og leiing.
Du vert ein sentral del av teamet som gjer det mogleg for born (og vaksne) å hoppa i sølepyttar.
Me har òg spelt inn ein podkast med dagleg leiar! Høyr han her:
DINE OPPGÅVER OG ANSVARSOMRÅDE:
ER DU DEN VI SER ETTER?
Du er strukturert, sjølvgåande og likar å ha oversikt. Du trivst med å dykka ned i data – om det så er vêrstatistikk, fødselstal eller salsmønster – og du likar å omsetje innsikt til gode beslutningar. Du forstår korleis innkjøp og vareflyt påverkar heile verdikjeda, og samarbeider godt med både designarar, produsentar og marknadsførarar.
DU HAR GJERNE:
KVIFOR JOBBE I KATTNAKKEN?
Har du spørsmål eller ønsker du ein fortruleg samtale om stillinga?
Våre rådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter (958 82 299) eller Stein Magnus Olafsrud (924 52 003), tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell samtale med deg. Spørsmål kan også rettast til dagleg leiar, Nicholas Hoddevik (915 21 555).
Alle handvendingar handsamast fortruleg, og i møte med oppdragsgjevar i ein tidleg fase dersom dette er ønskeleg.

- Planleggje, forhandle, legge og følgje opp innkjøpsordrar
- Sikre god vareflyt og kontroll på lagerbehaldning, marginar, fristar og leverandørstatus
- Analysere sal, trendar og kapitalbinding for betre planlegging
- Følgje opp leverandørar og dokumentasjon knytt til kvalitet og berekraft (COC, RISE)
- Bidra til struktur, system og utvikling av innkjøpsprosessar
ER DU DEN VI SER ETTER?
Du er strukturert, sjølvgåande og likar å ha oversikt. Du trivst med å dykka ned i data – om det så er vêrstatistikk, fødselstal eller salsmønster – og du likar å omsetje innsikt til gode beslutningar. Du forstår korleis innkjøp og vareflyt påverkar heile verdikjeda, og samarbeider godt med både designarar, produsentar og marknadsførarar.
DU HAR GJERNE:
- Høgare utdanning innan økonomi, logistikk eller liknande (relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning)
- Erfaring med innkjøp, logistikk eller leverandøroppfølging, helst internasjonalt
- Kjennskap til vareflyt, lagerstyring og marginoptimalisering
- Interesse for system og dataanalyse – og gjerne erfaring med Excel, Shopify, Airtable eller Power BI
- Gode språkferdigheiter på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå tekstil eller netthandel? Det er eit pluss – men ikkje eit krav
KVIFOR JOBBE I KATTNAKKEN?
- Du får ei sentral rolle i eit selskap i vekst
- Du får høve til å påverke og utvikle måten me driftar på
- Du blir del av eit dynamisk, kreativt og handlekraftig miljø
- Du får delta i eit ekte vestlandsk engasjement for kvalitet og sølepyttar
- Konkurransedyktige vilkår
Har du spørsmål eller ønsker du ein fortruleg samtale om stillinga?
Våre rådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter (958 82 299) eller Stein Magnus Olafsrud (924 52 003), tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell samtale med deg. Spørsmål kan også rettast til dagleg leiar, Nicholas Hoddevik (915 21 555).
Alle handvendingar handsamast fortruleg, og i møte med oppdragsgjevar i ein tidleg fase dersom dette er ønskeleg.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Kattnakken AS vart etablert i 2013 og designar klede som blir selde på nett og hos forhandlarar over heile landet. Firmaet held til i lokalar på Vabakkjen 6, og her finn du også Lagerbutikken vår. Me er i dag 11 tilsette og har eit veldig godt arbeidsmiljø som me håpar du vil trivast i. Kattnakken har sidan etableringa i 2013 opplevd stor vekst og kan langt på veg kallast ein suksesshistorie. Firmaet har fleire gongar vorte kåra til Gasellebedrift, og leverte sitt beste år så langt i 2024.
Sektor
Privat
Nettsted