Agile Coach - Seniorrådgjevar innan utvikling og smidig metodikk
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Biskop Gunnerus gate 6, 0154 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgiver utvikling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. november
Vi er DIO
Når det nye regjeringskvartalet opnar dørene i 2026, markerer det ikkje berre ein ny kvardag for departementa – det er starten på ei ny tid for heile statsforvaltninga. DIO er etablert for å vere ein drivkraft i dette skiftet.
DIO står for Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. Vi vart etablert som ny etat i januar 2025. Oppdraget vårt er å bidra til effektiv forvaltning gjennom enklare digital samhandling, smartare ressursbruk, einskaplege og fleksible arbeidsformer, samt raskare og ansvarleg bruk av ny teknologi.
Vi har ansvar for det digitale økosystemet i det nye regjeringskvartalet – frå nettverk, IT-drift og brukarstøtte, til utvikling av ei ny felles digital plattform, profesjonell medieproduksjon og rådgiving innan teknologi, tryggleik og innovasjon. Vi legg til rette for at departementa skal lukkast med sine samfunnsoppdrag.
No søkjer vi deg som vil vere med og forme tenestene som skal leverast i hjartet av norsk politikk og forvaltning. Hos oss får du stor påverknad på den digitale kvardagen til departementa i dei nye regjeringsbygga. Dette er meir enn ein jobb – det er ei unik moglegheit til å vere med frå starten.
Vi ser etter deg som er trygg i faget, raus i samarbeidet – og som ser moglegheiter for å få ting til å fungere betre.
Kva blir dine oppgåver
DIO er ein stor og mangfaldig organisasjon med over 270 tilsette fordelt på tre ulike plattformer, og representerer eit breitt spekter av miljø og kulturar. No står vi midt i ei spennande omstilling – frå å vere ein operativ IKT-leverandør til å bli ein strategisk rådgivingspartnar for kundane våre i departementsfellesskapet.
Vi søkjer ein agile coach som kan ta eit heilskapleg ansvar for utviklingsarbeidet i DIO. Du vil få ei sentral rolle i å kartleggje og vidareutvikle korleis vi jobbar med utvikling- bidra til å etablere felles metodikk og struktur for utvikling og produktorientering.
Du vil få ansvar for å:
- utvikle og standardisere metodikk for smidig utvikling, inkludert produktteam:
Etablere felles arbeidsmetodar og verktøy som støttar smidig utvikling i ein etat som i dag nyttar ITIL som rammeverk. Dette inkluderer å kartleggje arbeidsformer og identifisere forbetringsområder frå dagens arbeidsmetodar. - implementere og sikre at informasjonstryggleik er ein integrert del av utviklingsarbeidet
- drive kultur- og haldningsendring frå drift til utvikling:
Vere ein pådrivar for at utvikling blir ein naturleg del av organisasjonen sitt arbeid – ikkje berre eit eige spor, men ein felles innsats. - jobbe strategisk med utviklingsretning:
Bidra til å definere korleis DIO skal jobbe med utvikling framover, basert på interne behov og eksterne trendar i marknaden. - skape engasjement og eigarskap til utvikling i heile organisasjonen:
Involvere og inspirere kollegaer på alle nivå, slik at utviklingsarbeidet blir breitt forankra og blir ein del av organisasjonen sin identitet.
Lista er ikkje uttømmande, og andre oppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde kan òg vere aktuelle.
Kven er du?
Vi søkjer deg som har:
- relevant høgare utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule. Særleg lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- erfaring frå utviklingsarbeid og smidige metodar, gjerne som agile coach, utviklingsleiar, produkteigar eller tilsvarande rolle.
- evne til å tenkje strategisk og heilskapleg, og forstå korleis utvikling kan forankrast breitt i ein kompleks organisasjon.
- gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, og evne til å skape engasjement og eigarskap til utviklingsarbeid.
- interesse for kulturbygging og organisasjonsutvikling, og forståing for korleis endring skjer i praksis.
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- erfaring med etablering og forvaltning av metodikk for utvikling, prosjektstyring, porteføljestyring og produktorientering
- kjennskap til strategisk rådgiving og endringsleiing
- erfaring med å jobbe på tvers av fagmiljø og teknologiske plattformer.
For å lukkast og trivast i DIO er du ein ansvarleg pådrivar som:
- samarbeider godt og lærer raskt: Du set deg effektivt inn i nye problemstillingar og bidreg positivt i ein variert og kompleks arbeidskvardag.
- jobbar strukturert og målretta: Du planlegg godt, prioriterer oppgåver og har god balanse mellom operativt arbeid og strategisk tenking.
- tek ansvar og deler kunnskap: Du jobbar sjølvstendig, men trivst òg i samarbeid med andre, og bidreg aktivt til å styrkje teamet og organisasjonen.
- er utviklingsorientert: Du ser moglegheiter for forbetring og bidreg gjerne på tvers av oppgåver for å sikre framdrift og kvalitet.
er initiativrik og fagleg engasjert: Du følgjer med på trendar, søkjer løysingar og bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Kvifor jobbe i DIO?
Jobb tett på avgjerdene – og få ting til å virkeI DIO jobbar du tett på departementa og bidreg til at teknologi, tenester og støttefunksjonar fungerer saumlaust – slik at regjeringsapparatet kan gjere jobben sin. Du får moglegheit til å påverke digitale løysingar og tenester som er avgjerande for at Noreg skal styrast effektivt og trygt.
Arbeid med meining – kvar dag
Tenestene vi utviklar og drifter blir brukte dagleg av tusenvis av tilsette i departementa. Vi sørgjer for at møterom, samhandlingsløysingar, digital infrastruktur og brukarstøtte fungerer – og utviklar nye løysingar som gjer kvardagen enklare og tryggare for dei som styrer landet. Vi leverer òg profesjonell medie- og videoproduksjon til statsrådar og departement.
Inspirerande fagleg fellesskap
Du blir ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø innan digitalisering, drift, innhalds- og medieproduksjon og IT-support – og ein organisasjon i utvikling. Vi jobbar tverrfagleg, deler kunnskap og byggjer ein kultur der det er rom for nysgjerrigheit, utvikling og godt samarbeid på tvers.
Tryggleik og fleksibilitet i kvardagen
Hos oss får du fleksibel arbeidstid, sommartid og ekstra fridagar i jula og romjula. Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, og legg til rette for at du skal ha god balanse mellom arbeid og fritid.
Arbeidsstad i hjartet av Oslo
Hovudkontoret vårt ligg midt i sentrum, i umiddelbar nærleik til det nye regjeringskvartalet.
Moglegheit til å påverke og utvikle deg vidare
DIO er ein nyetablert etat i vekst. Hos oss får du ei unik moglegheit til å vere med og forme både eiga rolle og vår vidare retning. Vi ser etter deg som trivst i ein dynamisk kvardag og som blir motivert av endring og utvikling. Arbeidsoppgåvene dine kan bli justerte i takt med DIO sine behov – og dine eigne styrkar og ambisjonar.
Praktisk informasjonStillinga er for tida løna som seniorrådgjevar (1364) i lønsspenn frå kr 750.000 til 845.000 per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den ansatte må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert Begrensa etter tryggingslova. For meir informasjon om autorisasjon, sjå nettsidene til NSM: https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/. Sikkerheitsklarering kan bli aktuelt på eit seinare tidspunkt.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du har bedt om å bli unnateken frå søkjarlista.
Vi er opptekne av kva du kan, dine erfaringar og kompetansar, og vil difor stille deg nokre faglege spørsmål, i staden for å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykkjer på "Søk stillinga" kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn. I portalen er det viktig at du:
- svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst
- fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er naudsynt for mellom anna å ivareta kravet om fullstendige søkarlister
- lastar inn vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar).
Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HKDir
Vi er opptekne av mangfald
Grunnverdiane våre er å vere ein ansvarleg og raus pådrivar for positiv endring.
Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur, blir vi betre rusta til å møte utfordringane vi står overfor. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på – noko som er avgjerande for våre evner til å levere effektive og innovative løysingar. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søkje på stillingar hos oss.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Har du spørsmål om dette, kan du lese meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Seksjon for prosjekt, aktivitetar og innføring består av 15 tilsette og har ansvar for å sikre effektiv gjennomføring av prosjekt og aktivitetar innanfor DIO. Seksjonen tar hand om planlegging, koordinering og oppfølging av ulike prosjekt, samt innføring av nye løysingar og tenester.
Den jobbar tett med interne og eksterne aktørar for å sikre at prosjekta blir leverte i tråd med tidsrammer, kvalitet og budsjett. Seksjonen har fokus på å skape verdifulle og berekraftige resultat gjennom ei strukturert og målretta tilnærming til prosjekt- og aktivitetsstyring.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd5440f9-9c53-4f8e-9fde-9e3376e31f3d
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266527