Juridisk rådgjevar med kompetanse innan anskaffingar
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Biskop Gunnerus gate 6, 0154 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Juridisk rådgiver med anskaffelseskompetanse
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Vi er DIO
Når det nye regjeringskvartalet opnar dørene i 2026, markerer det ikkje berre ein ny kvardag for departementa – det er starten på ei ny tid for heile statsforvaltninga. DIO er etablert for å vere ein drivkraft i dette skiftet.
DIO står for Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. Vi vart etablert som ny etat i januar 2025. Oppdraget vårt er å bidra til effektiv forvaltning gjennom enklare digital samhandling, smartare ressursbruk, einskaplege og fleksible arbeidsformer, samt raskare og ansvarleg bruk av ny teknologi.
Vi har ansvar for det digitale økosystemet i det nye regjeringskvartalet – frå nettverk, IT-drift og brukarstøtte, til utvikling av ei ny felles digital plattform, profesjonell medieproduksjon og rådgiving innan teknologi, tryggleik og innovasjon. Vi legg til rette for at departementa skal lukkast med sine samfunnsoppdrag.
No søkjer vi deg som vil vere med og forme tenestene som skal leverast i hjartet av norsk politikk og forvaltning. Hos oss får du stor påverknad på den digitale kvardagen til departementa i dei nye regjeringsbygga. Dette er meir enn ein jobb – det er ei unik moglegheit til å vere med frå starten.
Vi ser etter deg som er trygg i faget, raus i samarbeidet – og som ser moglegheiter for å få ting til å fungere betre.
Kva blir dine oppgåver
Vi ser etter deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i skjeringspunktet mellom juss, økonomi og organisasjon.
Hos oss spelar offentlege anskaffingar og god kontraktsforvaltning ei nøkkelrolle – dei er strategiske verktøy som bidreg til å sikre kvalitet, berekraft og innovasjon i tenestene vi leverer til regjeringa og departementa.
Som del av ein ny og framtidsretta etat i utvikling, vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å styrkje dei digitale tenestene våre gjennom gode og effektive anskaffingar. Du vil vere med på å forme korleis vi arbeider med anskaffingar og kontraktsforvaltning i ei tid der både berekraft og innovasjon står høgt på dagsordenen.
Vi ser etter deg som trivst med høgt tempo og som ønskjer å vere ein nøkkelressurs i anskaffingsprosessen og forvaltning av kontraktar.
Du får arbeide med:
- planlegging og gjennomføring av anskaffingar: Du støttar anskaffingsprosessar i tett samarbeid med DSS og fagmiljøa, og sikrar kvalitet i alle ledd.
- å gi fagleg støtte og opplæring: Du bidreg med rådgiving og kompetanseheving internt og i departementsfellesskapet.
- etablering og forvaltning av avtalar: Du bidreg med å iverksette gode rutinar for forvaltning av avtaleporteføljen. Du bidreg med etablering av balanserte avtalar i departementsfellesskapet og med leverandørar.
- å bidra til effektiv ressursbruk: Du arbeider med optimalisering og kostnadskontroll for å sikre berekraftige og økonomisk forsvarlege løysingar.
- å drive utvikling og innovasjon: Du er ein pådrivar for berekraftige og innovative anskaffingar, og bidreg aktivt til utviklinga av seksjonen.
- samarbeid på tvers: Du arbeider tett med både interne og eksterne fagmiljø, og byggjer gode relasjonar for å nå felles mål.
- å vere ein juridisk støttespelar: Du bidreg med juridisk rådgiving innan anskaffingsrett, kontraktsrett og andre relevante rettsområde.
Kven er du?
Vi søkjer deg som har:
- mastergrad i rettsvitskap eller andre relevante retningar
- kjennskap til offentlege anskaffingar og god kjennskap til lov og forskrift om offentlege anskaffingar
- kjennskap til kontraktsoppfølging og/eller -forvaltning og samarbeid med leverandørmarknaden
- svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Nyutdanna juristar med fokus på offentlege anskaffingar kan vurderast som aktuelle kandidatar for stillinga.
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- erfaring med kontraktsoppfølging og/eller -forvaltning, samhandling med leverandørmarknaden og erfaring med forhandlingar er ønskjeleg.
- erfaring med bruk av relevante kontraktsstandardar (SSA) og erfaring med strategiarbeid.
For å lukkast og trivast i DIO er du ein ansvarleg pådrivar som:
- tek ansvar og byggjer relasjonar: Du arbeider målretta og sjølvstendig, samstundes som du skaper tillit og gode samarbeid på tvers av fagmiljø gjennom openheit, dialog og kunnskapsdeling.
- er analytisk og strukturert: Du har evne til å sjå samanhengar, arbeider metodisk og har auge for detaljar.
- er fagleg nysgjerrig: Du har interesse for å utvikle fagområdet og held deg oppdatert på regelverk og beste praksis.
- er initiativrik og løysingsorientert: Du tek tak der det trengst, ser moglegheiter framfor avgrensingar og finn praktiske løysingar – også når utfordringane er komplekse.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Kvifor jobbe i DIO?
Jobb tett på avgjerdene – og få ting til å virkeI DIO jobbar du tett på departementa og bidreg til at teknologi, tenester og støttefunksjonar fungerer saumlaust – slik at regjeringsapparatet kan gjere jobben sin. Du får moglegheit til å påverke digitale løysingar og tenester som er avgjerande for at Noreg skal styrast effektivt og trygt.
Arbeid med meining – kvar dagTenestene vi utviklar og drifter blir brukte dagleg av tusenvis av tilsette i departementa. Vi sørgjer for at møterom, samhandlingsløysingar, digital infrastruktur og brukarstøtte fungerer – og utviklar nye løysingar som gjer kvardagen enklare og tryggare for dei som styrer landet. Vi leverer òg profesjonell medie- og videoproduksjon til statsrådar og departement.
Inspirerande fagleg fellesskapDu blir ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø innan digitalisering, drift, innhalds- og medieproduksjon og IT-support – og ein organisasjon i utvikling. Vi jobbar tverrfagleg, deler kunnskap og byggjer ein kultur der det er rom for nysgjerrigheit, utvikling og godt samarbeid på tvers.
Tryggleik og fleksibilitet i kvardagenHos oss får du fleksibel arbeidstid, sommartid og ekstra fridagar i jula og romjula. Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, og legg til rette for at du skal ha god balanse mellom arbeid og fritid.
Arbeidsstad i hjartet av OsloHovudkontoret vårt ligg midt i sentrum, i umiddelbar nærleik til det nye regjeringskvartalet.
Moglegheit til å påverke og utvikle deg vidareDIO er ein nyetablert etat i vekst. Hos oss får du ei unik moglegheit til å vere med og forme både eiga rolle og vår vidare retning. Vi ser etter deg som trivst i ein dynamisk kvardag og som blir motivert av endring og utvikling. Arbeidsoppgåvene dine kan bli justerte i takt med DIO sine behov – og dine eigne styrkar og ambisjonar.
Stillinga er for tida løna som rådgjevar (1434) seniorrådgjevar (1364) i lønsspenn frå kr 750.000 til 980.000 per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du har bedt om å bli unnateken frå søkjarlista.
Søknad sendast elektronisk via lenkja "Søk stillinga" øverst på denne sida. Snarleg tiltreding er ønskjeleg.
Vi er opptekne av kva du kan, dine erfaringar og kompetansar, og vil difor stille deg nokre faglege spørsmål, i staden for å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykkjer på "Søk stillinga" kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn. I portalen er det viktig at du:
- svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst
- fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er naudsynt for mellom anna å ivareta kravet om fullstendige søkarlister
- lastar inn vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar).
Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HKDir
Vi er opptekne av mangfald
Grunnverdiane våre er å vere ein ansvarleg og raus pådrivar for positiv endring.
Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur, blir vi betre rusta til å møte utfordringane vi står overfor. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på – noko som er avgjerande for våre evner til å levere effektive og innovative løysingar. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søkje på stillingar hos oss.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Har du spørsmål om dette, kan du lese meir om Positiv særbehandling når man søker jobb i staten.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Seksjon for anskaffingar og kontraktsforvaltning består av 14 tilsette og har ansvar for å sikre effektive og transparente anskaffingsprosessar i DIO.
Seksjonen forvaltar innkjøp av varer og tenester, utarbeider sourcing- og kontraktsstrategiar, og følgjer opp kontraktar gjennom heile levetida deira.
Den sørger for at alle anskaffelser skjer i tråd med gjeldende lover og retningslinjer, og støtter organisasjonen med rådgivning og administrativ bistand innen anskaffelser og kontraktsforvaltning.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ef09f302-c628-44c4-9d92-3eabae058c30
- Sist endret
28. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268045
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo
Seniorrådgiver utvikling
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Sted
Oslo